NRK Meny
Normal

Bli med seglskutene inn Geirangerfjorden

Etter å ha vore til kai i Ålesund i fire, flotte festivaldagar under The Tall Ships Races går nokre av skutene inn mot Geiranger.

Etter å ha vore til kai i Ålesund i fire, flotte festivaldagar under The Tall Ships Races går nokre av skutene inn mot Geiranger.

Etter å ha takka for seg i Ålesund var det fleire som tok turen innover Geirangerfjorden. Foto: Per Christian Dyrø/Orangearial.

Regattaen er over, og det er også skutefesten. I alle fall i Ålesund. No har nokre av skipa forlenga turen og sett kurs innover mot Geiranger for å sjå noko av det Noreg er best på. Nettopp naturen.

Parade of Sail

Her er skutene under «De syv søstre» i Geiranger.

Foto: Karl Otto Kristiansen

Vêret blei straks betre når skutene nærma seg Geiranger. Skutefesten er ikkje nødvendigvis slutt sjølv om båtane har lagt frå kai. Etter at skipa har vore innom turistbygda skal dei vidare til Kristiansand.

Våt festival

The Tall Ships Races Ålesund fekk ein våt start onsdag. Regnet sila ned, og vêret vart annleis enn det mange av dei utanlandske seglarane er vande med. Vêret har vore skiftande heile veka, men det har ikkje stoppa folk i å kome på festival.

Byen har vore fylt med yrande liv frå start til slutt. Og sjølv om nesten 50 skuter har lagt frå kai er folket framleis att i byen.

Skutene i The tall ships races drar fra Ålesund - sett fra Fjellstua
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK