NRK Meny
Normal

Her er cella som ingen kan bryte seg ut av

Hustad fengsel i Fræna har fått sju nye høgrisiko soningsceller på lukka avdeling. Bli med inn i Hustad fengsel.

Torsdag markerte Hustad fengsel at dei har fått sju nye høgrisiko soningsceller på lukka avdeling.

Hustad fengsel har no i alt 60 soningsplassar i fengselet. 32 av dei på open avdeling utanfor gjerdet og med dei sju nye plassane er det no 28 plassar på lukka avdeling ved fengselet.

Innreia med uknuseleg glas i vindauga og metall i veggane, står dei nye cellene no klare for bruk. Med desse nye plassane får fengselet no enno betre kapasitet.

– Vi er veldig glad for resultatet og for å ha fått fleire celle. No kan vi i større grad tilby varetektsplassar slik at folk kan kome inn og sone straffa si så fort som mogleg etter dommen, seier fengselsleiar Frode Erlandsen.

– Det som er spesielt med Hustad fengsel er at det opphavleg var bygd som ein skule noko som betyr at romma er større enn i mange andre fengsel. Eg trur det er med på å gjere det betre å sone her, held han fram.

Høyr reportasjen med fengselsleiar Frode Erlandsen, fengselsbetjent Regine Mork Jørgensen og regiondirektør i Kriminalomsorgen region vest, Per Sigurd Våge.

Ny soningscelle hustad fengsel 271115

Slik ser ein av dei nye cellene ut.

Foto: Gunnar Sandvik