Hopp til innhold

Bli kjent med Ålesund under open dag

«Kjenn din egen by» heiter arrangementet søndag, som inneber at du kan stikke innom ei rekke ulike stader i Ålesund sentrum. Stader der du kanskje har lurt på kva som skjer bak dørene?

Harald Grytten

Ei vandring under open himmel saman med Harald Grytten innleiar Open dag-arrangementet.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Det er Sponland Foto, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Bypatrioten som står bak, og dei har fått mange attraksjonar, galleri og bedrifter til å halde opne dører søndag 23.april. Dei frå Ålesund får dermed sjansen til å vere turist i eigen by, men du treng sjølvsagt ikkje vere frå Ålesund for å ta del i Open dag-arrangementet.

Om mykje skjer innandørs kan høgdepunktet for mange likevel skje under open himmel. For Harald Grytten tar med seg krakken og tar også føringa i byvandringa frå Ålesund kirke, via det meste og til Dronning Sonjas plass. Oppmøte ved kyrkja klokka 12.

Studio, museum og båtar

Nytt tv-studio NRK Møre og Romsdal

Stikk du innom NRK får du mellom anna sjå at det har kome eit nytt tv-studio.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I Parkgata 6 held NRK Møre og Romsdal opa dør - det skjer kvar heile time klokka 13, 14 og 15. Nokre av dei tilsette blir med og viser fram både radio- og TV-studio.

Meir kultur får du ved Ålesund bibliotek, mellom anna med bokkino klokka 14, ved Ålesund museum med eigen verkstad for barn, ved Fiskerimuseet med omvisning på bankskøyta «Storeggen» og ved Sunnmøre museum som har sett opp ei ny utstilling.

I Molovegen ligg ei gammal verneverdig sjøbu, Trankokeriet Antik. Denne bygningen er ein av dei få som overlevde den store bybrannen i 1904. Her er det også ope søndag, og der kan du sjå og eventuelt kjøpe mykje rart som skal vere eldre enn både brannen og huset.

Waldehuset overlevde også brannen, og her blir det omvisning og truleg ei historie eller to om det som skjedde då, og om det som har skjedd fram til bygget blei pussa opp og tatt vare på.

Video Pinsepastor vil kjøpe "mirakelhuset"

Slik såg Waldehuset ut før det blei pussa opp og tatt i bruk. Søandag kan du få omvisning og høyre den spesielle historia til dette huset.

Foto: Nyhetsspiller

Samtid, ny og eldre historie

I Galleri Artifex finn du ei fin blanding av samtidskunst og klassisk, eldre kunst. Her finn du også ein av dei største samlingane i landet av emalje og sølvarbeid frå rundt 1900. Også ved KHÅK blir det utstilling, både av maleri, grafikk, smykke og handverk.

Ved Jugendstilsenteret går tidsmaskina kontinuerleg, og skulle ikkje det vere nok kan også FylkesFOTOarkivet ta deg med tilbake i tid, for der blir det både utstilling og omvisning.

Omvisning kan også Redningsselskapet by på. Dei har to redningsskøyter som publikum kan kome om bord i for å sjå, og dessutan kan du få sjekka om redningsvesten din held mål.

Og skulle ikkje dette vere nok så er det fleire opne dører rundt om i Ålesund sentrum for dei som ønskjer seg ein matbit og ein kaffikopp.

RS Idar Ulstein RS Idar Ulstein

Hos Redningsselskapet får du kome om bord og sjå ei redningskøyte.

Foto: Lars K. Enger / NPK