Hopp til innhold

Berga livet etter dramatisk feilvurdering på isen

Terje Bolsønes i Molde kjempa for livet då han utan forvarsel hamna i det iskalde vatnet. No håper skøyteløparen andre vil lære av feila hans.

Terje Bolsønes

TILBAKE: Terje Bolsønes tilbake ved Bergsvatnet i Molde der han gjekk gjennom isen sist søndag. Det kunne kosta han livet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Terje Bolsønes er ein ivrig og erfaren turskøyteløpar. Turen sist søndag skulle berre vere ein snartur i det kalde og klare novembervêret i Moldemarka.

Men han hadde inga aning om kor dramatisk søndagen skulle bli. Han trudde han gjorde alt rett då han målte isen til 6 cm og unngjekk eitt område han visste hadde tynnare is.

Han hadde ikkje vore utpå meir enn nokre minutt då isen brast, og han hamna i det livsfarlege og iskalde vatnet.

– Det var kaldt. Det var som at alt sprakk under meg. Som når du kastar ei glasplate på eit hardt murgolv, fortel han.

Dramatiske minutt

Erfaren som han er, visste han at kvart sekund tel når han fell gjennom isen. Kroppstemperaturen fell raskt. Han drog difor lynraskt opp ispiggane frå lommene, for å komme seg innover isen og mot land. Dette hadde han trent på før.

Terje Bolsønes viser kvar han gjekk gjennom isen

Terje Bolsønes viser kvar han gjekk gjennom isen På Bergsvatnet i Molde. Etter ei veke med kulde er isen blitt tryggare.

Foto: Roar Strøm / NRK

Men det skulle vise seg å bli umuleg.

– Problemet var at isen var så tynn at isflaka sprakk under meg heile vegen, fortel han.

Etter kort tid måtte han innsjå at han hadde store problem med å kome seg opp frå vatnet. Då var gode råd dyre.

Fleire ulykker i vinter

Lave vintertemperaturer har gjort at mange vaksne og born leikar seg på islagde vatn og fjordar no. Men det er ikkje risikofritt.

I januar døydde ein nordmann på skøytetur i Sverige, ein 14-åring i Trondheim kunne lett ha mist livet då han gjekk under i mars. I november i fjor gjekk to 4-åringar gjennom isen i Sandnes.

Avgjerande hjelp frå land

Men for Terje Bolsønes i Molde sist søndag var hjelpa heldigvis nær. På land sto ein mann som observerte det heile, og han ropte på ein som dei visste hadde redningsline.

Mann gikk gjennom isen på Bergsvatnet i Molde.

Redningsaksjon etter at Terje Bolsønes gjekk gjennom isen søndag 10. november.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

– Dei kasta ut lina, og eg fekk tak i den. Så heldt eg eine handa i lina, sette ispiggen i isen, fekk løfta rumpa og sett skøytene opp på isen. Då gjorde dei et rykk, og eg kom meg inn til trygg grunn.

Då han kom til sjukehuset var ikkje kroppstemperaturen høgare enn 34,5 grader. Men etter varmebehandling tinte han sakte, men sikkert opp igjen.

Laster Twitter-innhold

Ber andre lære

No vil han gjerne be andre lære av det som hende.

Terje Bolsønes

Terje Bolsønes kjem til å halde fram med å gå på skøyter.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Eg likar å vere ute, og eg har gått på skøyter i alle år. Det kjem eg framleis til å gjere, men eg kjem ikkje til å gå åleine. Og eg kjem som alltid til å ha med det sikkerheitsutstyret som er nødvendig.

Han har også lært at det er viktig å observere og måle isen fleire stader. For sjølv om det er trygt ein plass, kan isen brått bli tynnare.

– Viktig å øve på kameratredning

Friluftsrådgjevar Patrick Gule er ikkje urolege over at folk går på skøyter, men seier historia til Bolsønes er eit svært godt eksempel på kor viktig det er å øve på å redde kvarandre.

– Terje er ein erfaren kar, god å gå på skøyter og tar tryggleiken på alvor. Likevel går det gale. Då må han ha hjelp frå andre, og difor er det veldig viktig å øve på kameratredning, seier han.

Patrick Gule

Patrick Gule, friluftsrådgjevar i Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal, seier det er lurt å tenkje over kva som kan gå gale, kor sansynleg det er, og kva som må gjerast dersom uhellet er ute. Det å ha ein hjelpesmann kan bli livsviktig, meiner han.

Foto: Roar Strøm / NRK