Hopp til innhold

Måtte flykte frå lynnedslag midt på natta

Ein fantastisk fjelltur blei brått dramatisk då kjærasteparet blei overraska av torevêr midt på natta. Dei måtte forlate alt dei eigde for å komme seg ned frå fjellet.

Møtte eit voldsomt vêr på natta.

FANTASTISK: Paret syns turen opp Saksa var fantastisk. På veg opp var det 20 grader og sol.

Foto: Privat

Det var 20 grader, sol og vindstille då kjærasteparet Jonas Røykås Marthinsen og Sara Brixler frå Oslo tok til på turen opp mot fjelltoppen Saksa.

På grunn av den fantastiske utsikta ein får ut over fjordane, blir den 1075 meter høge toppen rekna som ein av dei flottaste og mest populære av Sunnmørsalpane.

Etter seks timar, med 20 kilo kvar på ryggen, kunne dei endeleg nyte utsikta og sette opp teltet for natta.

Her skulle dei bu i telt for natta.

TELT: På toppen av Saksa sette dei opp teltet sitt. Dette og alt anna utstyr valde dei å forlate når uvêret kom.

Foto: Privat

– Det er første gong vi har besøkt Sunnmøre. Her er heilt fantastiske fjell. Saksa var ein sinnssjuk fjelltur med ei heilt vill utsikt, fortel Jonas Røykås Marthinsen.

Vind og lynnedslag

Fjellturen skulle derimot ta ei dramatisk vending midt på natta, då dei bråvakna av at vinden tok tak i teltet. Det fine sommarvêret hadde brått blitt bytta ute med torebrak, lynnedslag og vind.

1073 meter over havet, blei 20-åringane veldig nervøse for kor farleg lynnedslaga kunne vere, og ringde politiet.

– Vi venta litt, men så blei vi skikkeleg stressa.

Beskjeden frå politiet var at dei måtte komme seg ned frå fjellet. Og det måtte skje fort.

Dei hadde to timar på seg før neste runde med lynnedslag skulle kome.

– Vi måtte komme oss vekk, så vi rakk ikkje å pakke med oss telt og utstyr. Vi sleit nok som det var ned fjellet utan å ha med oss noko på ryggen, fortel 20-åringen.

PÅ veg ned frå fjellet mellom bygene.

UVÊR: Dei hadde eit vindauge på to timar å komme seg ned frå fjellet, før nye lynnedslag skulle komme.

Foto: Privat

Turen nedover fjellsidene frå Saksa var nemleg skikkeleg heftig, ifølgje Røykås Marthinsen. Rundt dei begynte det å lyne igjen.

– Det var vått, glatt og bratt og vi var redde begge to. Nærmaste lynnedslag var berre 500 meter unna.

– Ikkje i stand til å gå opp igjen

Etter 2,5 timar, kom dei seg likevel velberga ned frå Saksa. Skadde, i både rygg og kne etter fleire fall.

– Vi er ikkje erfarne fjellgåarar i det heile tatt, så vi var ganske slitne og ikkje i stand til å gå opp igjen for å hente teltet då uvêret gav seg.

Då politiet ringde dei for å høyre korleis det gjekk med dei, fekk dei tips om å skrive ei melding i Facebookgruppa «Toppturer i Nordvest» for å få hjelp til å hente utstyret.

To timar etter at dei la ut meldinga meldte var det fleire som meldte seg for å hjelpe. Lars Urke skulle eigentleg ta seg ein dukkert med ungane, men tenkte han kunne ta seg ein fjelltur i staden for å hjelpe det unge paret.

Hjelpte med å ta med utstyr frå fjellet.

HENTA UTSTYRET: Lars Urke t.v. henta utstyret til Jonas Røykås Marthinsen og Sara Brixler. Her saman med Jonas.

Foto: Privat

– Eg er i form og er kjend i området, så her var det berre å brette opp ermane og kome seg opp på fjellet, seier han.

Sjølv om han er i god form, innrømmer han at det var meir utstyr enn han trudde i utgangspunktet.

– Det vart ein fin tur, men eg tenkte det var mindre å bere då eg sa ja, ler han.

No skal han møte dei og overlevere telt og utstyr. Paret sjølv meiner denne opplevinga ikkje har skremd dei frå å gå fleire fjellturar.

–Vi skal tilbake til Sunnmøre og gå på fjelltur, men det blir ikkje Saksa med det første, seier Jonas Røykås Marthinsen.

På veg opp til fjellet.

PÅ VEG OPP: Sara Brixler er på veg opp Saksa. Paret hadde med seg om lag 20 kilo kvar med utstyr i ryggsekken.

Foto: Privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL