Hopp til innhold

Blei gløymt igjen på do på flyplassen

Ein flypassasjer er kritisk til Avinor etter å ha ha vakna opp åleine på ein låst og mørklagd flyplass, skriv Møre-Nytt. Passasjeren skulle flyge frå Ørsta, men fekk eit illebefinnande inne på toalettet. Då han kom til seg sjølv, var flyet gått og flyplassen stengd for kvelden.

Etter ei stund kom han seg ut ved hjelp av ein vaktmann som dukka opp.

Avinor beklagar at dei ikkje gjekk gjennom bygget før stengetid.