NRK Meny
Normal

Blei berga etter tørrkoking

Ein person blei henta ut av røykdykkarar og sendt til sjukehus etter røykutvikling i eit husvære på Bjørset i Molde i natt.

Laster kart, vennligst vent...

Dei mest dramatiske hendingane i natt skjedde i natt. Politijakt på ein bilførar og røykutvikling i eit husvære gjorde at nødetatane hadde nok å gjere.

Røykutviklinga skuldast tørrkoking på ei komfyrplate. Ein mann i 40-åra var åleine i husværet, og han blei altså sendt til sjukehus for sjekk. Husværet blei lufta ut og mannen kan flytte heim igjen. Ifølge politiet var det ikkje aktuelt å evakuere naboar.

Spesialeininga kopla inn etter kort biljakt

I Molde var det også ein kort biljakt i ovanfor Idrettens Hus og gamle Molde stadion i natt. Politiet hadde stoppa ein bilførar og stod med blålys, då dei såg ein bil som snudde før han skulle passere politiet.

Det fekk alarmen til å gå, og politiet tok opp jakta. Den blei kort, berre eit par hundre meter, før bilføraren køyrde ned ein lysstolpe. Ei lita rimhinne på vegen kan ha vore medverkande til samanstøyten.

Bilføraren stakk frå staden, men politiet måtte konsentrere seg om den eine av dei tre passasjerane, som hadde fått skadar i samanstøyten med lyktestolpen. Bilføraren melde seg ein times tid seinare ved Molde politistasjon.

Der blei det tatt utåndingsprøve som ikkje ga utslag, men det blei og tatt ei utvida prøve. Resultatet av denne er ikkje klar, men politiet avdekte at det var sett på feil kjennemerke på bilen.

Sjølv om politijakta var kort, og det berre blei mindre personskade, så har politiet rutinemessig valgt å varsle spesieleininga for politisaker om det som skjedde.

Uro også i Volda og Kristiansund

Politiet leitar etter ein namngitt gjerningsperson etter bråk i Volda i natt. Vedkomande skal ha knust fleire ruter i eit hus før han stakk frå staden. Pengekrangel skal vere årsaka.

To unge menn blei bedne om å halde seg borte frå ein utestad i Kristiansund i natt. Då hadde politiet kome over ein krangel ved utestaden.

Tidlegare på natta hadde politiet i Kristiansund blitt kontakta av ein mann som meinte han hadde blitt utsett for vald ved Braatthallen.

Og i Hareid blir ein mann meldt for fyllekøyring. Føraren i 30-åra blåste alkometer over tillatt verdi, og blir framstilt for blodprøve.

I Ålesund er også ein mann meldt til politiet. Den rusa mannen i 20-åra blei brakt inn etter uro utanfor ein utestad.