Høg på landsbasis
Politimeister Arne S. Karoliussen, seier dette har hatt innverknad på politiarbeidet, men at Sunnmøre politidistrikt likevel er blant dei beste i landet.
- Vi ligg svært høgt på landsbassis når gjeld å løyse oppgåvene, og er blant dei fremst både når det gjeld oppklaringsprosent, saksbehandlingstid og restanser, seier Karoliussen.
Han meiner at Sunnmøre politidistrikt er eit trygt område for befolkninga.
Omorganisering
I fjor tok arbeidet med omorganiseringa av politidistriktet mykje tid, og Karoliussen vedgår at dette arbeidet har gått litt på bekostning av det reint politimessige.
- Men dei verste skurkane slapp ikkje unna, seier politimeisteren.
Karoliussen håper at omorganiseringa av Sunnmøre politidistrikt vil gi resultat. Han peikar mellom anna på at ei samordning av Herøy, Hareid, Ulstein og Sande med felles leiing, felles økonomi og felles planlegging vil gi store fordelar for politiarbeidet.
- Det er ikkje alle som ser det slik, men det kan vi ikkje gjere noko med, seier Karoliussen.
Vold og narkotika
Vold, familievold og narkotika er dei områda som vil få særleg fokus i 2004.
- Det som var viktig i 2003 vil og vere det som er viktig i 2004, seier politimeister Arne S. Karoliussen.