NRK Meny
Normal

No kjem blåbæra tilbake

Blåbærlyngen er i ferd med å ta seg opp igjen etter den sterke tørkevinteren 2014. No går det mot ein god blåbærsesong i slutten av juli.

Blåbær

Ein stor del av blåbærlyngen tørka inn vinteren for to år sidan på grunn av vêrforholda. No er den på veg tilbake.

Foto: Colourbox.com

Dei som er glad i å plukke skogsbær i Møre og Romsdal kan no glede seg over at blåbæra ser ut til å vere tilbake i skogane. Ein stor del av blåbærlyngen tørka inn vinteren for to år sidan på grunn av vêrforholda.

Uttørka blåbærlyng

Over store deler av Midt-Norge kunne ein sjå store brunsvidde område med lyng etter tørkevinteren i 2014.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Norsk Institutt for Bioøkonomi på Tingvoll følgjer med på tilveksten av blåbærlyng og forskar Erling Meisingset slår fast at lyngen er på veg tilbake, og at det går mot ein god blåbærsesong i slutten av juli.

– I år ser det bra ut, noko som er i motsetning til dei siste åra der vi har hatt lite blåbær. Blåbærlyngen er no på full fart tilbake og det blomstrar i blåbærskogen, så i år ser det bra ut både for blåbærsyltetøy og saft, seier han.

Viktig beiteplante

Tørkevinteren 2014 gjorde kraftig innhogg i blåbærlyngen mange plassar, og det var nesten ikkje bær å finne i skog og mark sommaren etter.

Erling Meisingset

Forskar Erling Meisingset slår fast at lyngen er på veg tilbake.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det blir nok andre bollar, eller safter, i år, seier Meisingset med eit smil.

Men ein må nok vente fram mot slutten av juli før bæra er moden nok, meiner forskaren. Og det er det ikkje berre tobeinte som gler seg til, trur han.

– For hjorten og andre dyr er det ei veldig viktig beiteplante. No er det frisk og fersk blåbærlyng som dei kan beite på utover sommaren, hausten og ikkje minst til vinteren.