Kommunestyret blir generalforsamling for det nye foretaket, seier ordførar Arve Hans Otterlei.
Leirskulen som også fram til no har vore drive av kommunen, har vore eit populært tilbod, men mykje bruk og manglande vedlikehald har ført til ei uviss framtid.
Treng opprustning
Alle bygningane treng opprustning, og har mellom anna fått krav om utbetring etter branntilsyn for å kunne drive vidare. I går kveld gjekk altså eit fleirtal i kommunestyret, med unntak av Høgre og nokre andre representantar, inn for å opprette eit kommunalt selskap som skal sikre vidare drift. I første runde vert det å innhente tilbod på nokon som kan utføre arbeidet, seier Otterlei.