Hopp til innhold

Nesset prestegard ikkje verdifull nok – kyrkjehistorisk

Eigarane, Opplysningsvesenets fond, vil selje Bjørnsons barndomsheim og dei fleste andre prestebustadane i landet som ikkje har kyrkjehistorisk verdi.

Nesset prestegard

Nesset prestegard er ein av dei beste bevarte gamle prestegardane i landet, men har ikkje stor nok kyrkjehistorisk v erdi, meiner Opplysningsvesenets fond

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Originalt rom Nesset prestegard

Her er Bjørn Ølander i eit av dei gamle originale romma med flott treverk.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Nesset prestegård

Prestegarden er blant dei best bevarte gamle prestegardane i Noreg, seier Bjørn Ølander.

Foto: Bjørn Ølander / NRK
Av dei 435 prestebustadene i Noreg, skal Opplysningsvesenets fond berre behalde 150 . Dei treng ikkje prestebustadene lenger, fordi prestane ikkje treng dei. Departementet har sett fart i arbeidet med å avvikle buplikta for prestane i den norske kyrkja.

Buplikta for fall

Den førre kyrkejministeren Rigmor Aasrud (AP) sendte bupliktorninga ut på høyring og varsla endringar. Dei fleste høyringsinstansane seier nei til avvikling av ordninga, men det stoppar nok ikkje prosessen.

Den nye regjeringa har fjerning av buplikt som eit av punkta i regjeringplattforma. Departementet er i gang med å utforme korleis dette skal skje.
Bjørnson sin barndomsheim er altså blant dei mange hundre prestegardane som truleg blir selt.

Godt bevart

Prestegarden er blant dei best bevarte gamle prestegardane i Noreg, seier Bjørn Ølander som viser oss rundt i prestegarden som Bjørnstjerne Bjørnsons far, Peder bygde.

Det har budd prester på Nesset prestegard sidan 1590 og kommunen sitt namn er henta frå garden. Hovedbygninga som står der i dag, er frå 1848.
Dei siste par åra har det ikkje budd prest på garden og han står tom, men er eit attraktivt turistmål med fleire tusen besøkande.

No trengs det kanskje 4 – 5 millioner for å vedlikeholde prestegarden og sette han i stand som bustad – for her må bo folk for å ta vare på dei historiske kulturverdiane i Nesset prestegard.

Fondet har råd

Bjørn Ølander arbeider for Romsdalsmuseet med å ta vare på prestegarden. Han meiner Opplysningsvesenet fond har råd til å behalde prestegarden.

– Prestegarden har ei fantastisk kulturhistorie, både prestegardshistorie - men og Bjørnsonshistorie, seier Ølander. Fondet bør sitte på dette, dei har pengar til vedlikehald, så sjøl om presten ikkje skal bu der, så bør han settast i stand som eit kulturminne og kanskje nokon andre enn presten kan bu der.

Eigarane, Opplysningsvesenets fond, vil selje Bjørnsons barndomsheim og dei fleste andre prestebustadane i landet som ikkje har kyrkjehistorisk verdi.

Oppysningsvesenets fond har råd til å behandle og vedlikehalde prestegarden, seier Bjørn Ølander.