I valkampen understreka SV sterkt at oljeleiting på Mørekysten var uaktuelt. Så kom regjeringserklæringa, som la opp til oljeleiting. No kan Jacobsen puste letta ut.
Fiskefelt og gyteområde
For berre få veker sidan rapporterte Havforskingsinstituttet om to millionar tonn sild i dette området. Fiskebåtredernes forbund og Aalesunds rederiforening truga med aksjonar dersom regjeringa opna for oljeboring i gyteområdet utanfor kysten av Møre og Romsdal.
Nei - førebels
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen seier ikkje eit kontant nei til oljeleiting utanfor Møre og Romsdal. Men han synest det er viktig med ein grundig gjennomgang av konsekvensane for fiskerinæringa.
Varig vern?
I denne omgangen er altså silda sine behov for ein trygg gyteplass sett framfor ønska til oljeselskapa. Miljøorganisasjonane jublar, men leiar Ane Marte Rognskog i Møre og Romsdal Natur og Ungdom kjem med ei klar oppmoding til regjeringa: - Det neste steget må vere varig vern av desse havområda.
Høyr Ane Marte Rognskog og Bjørn Jacobsen via lydlenkja ovanfor!