Bjørkedalen
Wenche Helseth som er med i grendalaget i Bjørkedalen seier at ho ser berre positivt på å kunne flytte til ein annan kommune. Når Bjørkedalen grendalag skal ha årsmøte til hausten, kjem ei eventuell flytting til Eid kommune i Sogn og Fjordane til å bli tatt opp, fortel Helset.
Dugnadsbygd
Grendalaget i Bjørkedalen er ikkje til for syns skuld. Bjørkedalingane kjempar for å halde liv i bygda si. Dei driv butikken på dugnad, vaskar barnehagen på dugnad, og då kommunen la ned skulen, bestemte dei seg for å starte privatskule - på dugnad.
- Forstår
Fungerande ordførar i Volda, Gunnar Strøm, verdset dugnadsånda til folket i Bjørkedalen, og seier han har ei viss forståing for ønsket om å flytte grensesteinen. Han nemner særleg kommunestyrevedtaket om å legge ned skulen som uheldig for Bjørkedalen.
- Selvfølgelig vil ikkje vi gje slepp på Bjørkedalen, seier Strøm. Han trur heller ikkje dei vil få det så mykje betre om dei flyttar til Eid og Sogn og Fjordane.