Hopp til innhold

Miljøvernministeren opna ny nasjonalpark

Det var ein stolt og fornøgd miljøvernminister, Helen Bjørnøy (SV), som opna Reinheimen nasjonalpark i Slettevikane på grensa mellom Norddal og Rauma i dag. Parken kan bli den siste store nasjonalparken som blir opna i Noreg på mange år.

Norddalsordførar Arne Sandnes (Sp) og miljøvernminister Helen Bjørnøy (SV).
Foto: Are Pilskog. / NRK

Reinheimen nasjonalpark er Noregs tredje største. Den strekker seg over to fylke, Oppland og Møre og Romsdal. Seks kommunar har nasjonalparken innanfor sine grenser. Det er fire i Oppland, i tillegg til Norddal og Rauma i Møre og Romsdal.

Reinheimen nasjonalpark.
Foto: Illustrasjon.

 

Det har tatt 35 år sidan ideen om ein nasjonalpark tok form og fram til opninga i dag. Villreinstammen i området har no fått eit vern kring sine kjerneområder.

Kulturarv og miljø

I Reinheimen finn du kulturminner frå jegarar som er snart 10.000 år gamle. Innover fjellet er det mange fangstplassar som vitnar om stor aktivitet langt tilbake i tid. Reinsdyra i området, villreinen, blei sett ut i 1958, frå ein stamme frå Jotunheimen. Men reinsdyr har det vore i området lenge før dette.

Om lag 150 personar deltok på opninga av Reinheimen nasjonalpark.
Foto: Are Pilskog. / NRK

Priviligert som har slik natur

Miljøvernminister Helen Bjørnøy (SV) sa i sin tale at vi kan føle oss priviligert som har ein slik natur som ein kan finne i Reinheimen. Her er det høgfjell, brear, elvar og eit rikt dyreliv.

- Det viktige er at vi no har fått eit permanent vern av villreinen, sa Bjørnøy.

Det er også viktig at området er bevart for framtida når det gjeld inngrep i naturen. Nye, store kraftutbyggingar i området er uaktuelt. Reinheimen nasjonalpark vil også bety noko for bygdene i området, både i Oppland og Møre og Romsdal. Turisme og lokal forvalting av området vil vere vekstnæringar i tida som kjem.

(NRK).