Hopp til innhold

Bjerkeli Grøvdal: – Nei, eg har ikkje landa heilt enno

Langdistanseløparen Karoline Bjerkeli Grøvdal frå Isfjorden var éin av sju utøvarar som blei tekne ut i måndagens siste OL-uttak. – Det er utruleg stort, seier 22-åringen.

Karoline Bjerkeli Grøvdal

Karoline Bjerkeli Grøvdal er klar for OL i London. Ho var éin av sju utøvarar i siste uttak.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Eg fekk beskjed ein halvtime før det blei offentleggjort. Så eg har ikkje visst det så veldig lenge, seier ei blid og fornøgd Karoline Bjerkeli Grøvdal.

Førre tysdag klarte 22-åringen frå Isfjorden B-kravet til OL på 5000 meter. Tida hennar var 15.28,32. Idrettssjef Ronny Nilsen fortalte då at raumaværingen ville vere i tankane då dei sju siste utøvarane skulle plukkast ut til OL i London.

Stemnet var i Lillestrøm, og under eit stemne i Tyskland laurdag for to dagar sidan, sprong Bjerkeli Grøvdal inn til 15.30,17 i slåande varme.

No er ho altså klar for OL i London – som startar 27. juli og er ferdig 12. august. Bjerkeli Grøvdal skal springe 7. august.

– Det har vore eit spennande døgn

– Har du landa etter beskjeden du no har fått?

– Nei, eg har ikkje landa heilt enno. Men eg var innstilt på det når eg tok B-kravet og slikt, men eg har ikkje fått noko hint på at eg skulle bli teken ut.

– Så det har vore eit spennande døgn. No er eg berre letta og glad, fortel raumaværingen.

Folk rundt Bjerkeli Grøvdal er derimot veldig overraska over OL-plassen.

– Alle rundt meg er overraska. Før sesongen var eg godt i rute, og eg hadde godt håp om å kome til OL.

– Men etter den siste skaden som eg fekk i foten i april, der eg gjekk åtte veker utan å springe ... Nei, då eg hadde eg ikkje OL i tankane.

Vil til finalen på 5000 meter

No er det like under éin månad til ho skal i elden i England og London.

– Forma går berre éin veg, så det er utruleg artig å vere utteken til OL når ein veit at forma er stigande, seier 22-åringen.

No skal forma prikkast inn.

– No blir det nokre gode månader med trening, samt nokre konkurransar, før forma er prikka inn til 7. august.

– Kvar er målet i OL no då?

– Målet er å kjempe om finaleplass. Eg vil vere best mogleg rusta når eg står på startstreken, og eg håper å springe mitt livs løp.

– Å gå til finalen er absolutt målet mitt, meir kan ein ikkje forvente akkurat no, avsluttar Bjerkeli Grøvdal – som meiner surt og kaldt London-vêr vil passe ho perfekt.

Den unge langdistanseløparen er utøvar nummer to frå Møre og til OL. Frå før er sandvolleyballspelar Tarjei Skarlund, saman med makker Martin Spinnagr, utteken.

LES OGSÅ: Sjå alle dei 64 OL-klare utøvarane her