Hopp til innhold

Bjerkeli Grøvdal har fullt fokus mot OL

Karoline Bjerkeli Grøvdal var på lynvisitt heime i Rauma i dag. Men det blir ikkje mykje sommarferie for den ferske bronsemedaljevinnaren. Allereie om vel tre veker ventar OL i Rio.

Karoline Bjerkeli Grøvdal

Karoline Bjerkeli Grøvdal frå Isfjorden i Rauma har fullt fokus mot OL i Rio i august.

Foto: Roar Halten / NRK

Karoline Bjerkeli Grøvdal kunne tysdag kome heim til Rauma både med ein ny medalje og ein etterlengta OL-billett i lomma. Men trass i imponerande prestasjon under EM førre veke, ligg 26-åringen frå Isfjorden ikkje på latsida.

– No som eg er ferdig med EM blir det fullt fokus på OL. Eg har hatt ein fantastisk sesong til no og planen er å fortsette på dette sporet. Forhåpentlegvis er eg i mitt livs form når eg står på startstreken i Rio om ein månads tid, seier ho.

Satsar mot OL

Og hennar livs beste form er kanskje ikkje langt unna med den innsatsen ho viste under EM i Amsterdam. Bjerkeli Grøvdal er likevel forsiktig med å spå medaljesjansane under OL i Rio.

Karoline Bjerli Grøvdal

Karoline Bjerkeli Grøvdal kunne sleppe jubelen laus etter at ho tok bronse under EM i Amsterdam.

Foto: Maja Suslin/TT, Suslin, Maja / NTB scanpix

– Det er eit brutalt nivå der nede. Det blir sjølvsagt hardt, men eg meiner at eg har ein lik medaljesjanse med alle andre som står på startstreken.

– Det vil vere viktig å vere på rett plass til rett tid, men eg må berre fokusere på det eg skal gjere under løpet og så får det gå som det går, seier ho.

Dermed blir det ikkje mykje tid til sommarferie og avslapping for 26-åringen frå Rauma.

– Nei, eg skulle gjerne ha vore heime lengre, men reiser tilbake til Oslo allereie i morgon. Det er fullt konkurranseprogram heile denne veka, og så er det nye konkurransar i ei tovekers tid før avreise til Rio 1. august, seier Bjerkeli Grøvdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no