Hopp til innhold

Bitter strid splittar taxinæringa i Kristiansund

Påstandar om kameraderi, lovbrot, dårleg service og strid om fakta ved Kristiansund Taxi har fått to drosjeeigarar til å ta initiativ til ein eigen taxisentral.

Taxisjåfør Roar Pedersen

Utbrytarar vil starte eige selskap etter påstandar om lovbrot og juks.

Foto: Remi Sagen / NRK

Taxisjåfør Roar Pedersen ønskjer å starte ein ny taxisentral i Kristiansund. Men både kommunen, taxinæringa og fylkeskommunen har så langt sagt nei.

Roar Pedersen

Roar Pedersen ønskjer å starte ein ny taxisentral i Kristiansund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han meiner at han kan bevise ulovleg bruk av reservebilar, manipulering av talmateriale og utnytting av kjennskap og vennskap i Kristiansund Taxi.

– Det blir i mine auge feil dersom det å vere knytt til Kristiansund Taxi betyr at vi må vere med på ulovlege ting. Og om dei då vil prøve å ta frå meg løyvet på grunn av det, så skal eg kjempe heile vegen til Høgsterett om det blir nødvendig. Eg gir meg ikkje, seier Pedersen.

– Vi har skrive argumenta våre på ei stor liste og levert den inn til tingretten for gransking. I tillegg har vi rapportert det inn til samferdsleavdelinga, held han farm.

Sjokkert over påstandane

Knut Magne Jektvik, dagleg leiar Kristiansund Taxi

Knut Magne Jektvik avviser påstandane om lovbrot og juks.

Foto: Remi Sagen / NRK
Dag Hole, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune

Dag Hole, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Remi Sagen / NRK

Leiaren for Kristiansund Taxi har kjempa mot at Pedersen skal få etablere sin eigen sentral i Kristiansund. Han avviser påstandane frå kollegaen.

– Det er nesten injurierande det dei kjem med her, og det finst ikkje sanning i det. Eg er rimeleg sjokkert over at nokon kan ta det alvorleg. Vi har følgt lover og reglar til punkt og prikke, seier Knut Magne Jektvik, dagleg leiar i Kristiansund Taxi.

I morgon skal samferdselsutvalet i fylket behandle saka. Administrasjonen har til no innstilt på nei, men dei som har søkt om ein ny sentral meiner at inhabilitet og dårleg bakgrunnsjekk pregar saksbehandlinga. Det er derimot fylkeskommunen ueinig i.

– Vi har frivillig valt å ta den vanlege saksbehandlaren ut av saka fordi han har slektskap til ein av søkjarane, seier Dag Hole, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Totalt ueinige

I mellomtida er dei to partane einige om å vere ueinige.

Taxi Kristiansund

Påstandar om kameraderi, lovbrot, dårleg service og strid om fakta har fått to drosjeeigarar til å ta initiativ til ein eigen taxisentral.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Kva trur du blir konsekvensen dersom Kristiansund får ein sentral til?

– Då trur eg drosjenæringa kollapsar, seier Knut Magne Jektvik, dagleg leiar i Kristiansund Taxi.

– Eg trur det er god plass til to sentralar her i Kristiansund, seier Roar Pedersen.

Det endelege svaret kjem forhåpentlegvis i morgon når politikarane skal handsame saka. Enn så lenge må dei to partane vente i spenning.