Hopp til innhold

Bispedømmet blir nekta å hemmeleghalde røystetal

Bispedømmet får ikkje medhald i ønsket om å hemmeleghalde røystetalet etter kyrkjevalet. Tysdag ettermiddag publiserte dei motvillig resultatet.

Therese Utgård
Foto: Brede Røsjø / NRK

I ein epost til redaksjonane i Møre og Romsdal skriv bispedømmet kort at "Valadministrasjonen i Møre bispedømme tek kyrkjerådets svar til vitande og offentleggjer straks det totale valresultatet".

Romsdals Budstikke har tysdag ettermiddag forsøkt å få kommentar frå bispedømet, men utan å lukkast.

Avisa har derimot fått tak i leiaren for Open folkekyrkje, Therese Utgård, som klaga på hemmeleghaldet og ho er glad for resultatet.

Vi er glade, men ikkje overraska, seier ho, og seier ho reagerer på at saksbehandlinga har tatt fire veker.

Les også:

- Ikkje relevant

Kyrkjerådet har konkludert med at bispedømmet sin måte å bruke heimlar i Valordninga, Forvaltningslova og Offentleglova, som viser til tausheitsplikt, konkuranseomsyn og forskjellsbehandling, ikkje er relevante i saka, skriv avisa.

Dermed må bispedømmet offentleggjere resultata.

Open folkekyrkje vil bruke tala til å drive valkamp for kandidatar som ligg ekstra godt an, og til å kontrollere valet, slik det er gjort i andre bispedømme.

Avvist to gongar lokalt

Bakgrunnen for klagen var at Open folkekyrkje ønskte ein oversikt over resultatet frå første valomgang, framfor den nye runden i kyrkjevalet. Men administrasjonen i Møre bispedømme avslo ifølgje avisa innsyn i personrøyster for alle kandidatane, oversikt over slengjarar og opplysningar for dei kandidatane som ikkje blei direkte innvald i første runde.

Kravet skal ha blitt avvist to gongar av administrasjonen lokalt, før klagen gjekk til Kyrkjerådet nasjonalt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL