NRK Meny
Normal

Suspenderer frikjent prest

Møre bispedømmeråd suspenderer ein prest som var titalt for vald, trass i at siktinga mot han blei trekt tilbake under rettsaka.

Presten blei i Sunnmøre tingrett dømt for å ha køyrt utan førarkort over ein lengre periode. Dei meir alvorlege punkta i tiltalen blei trekte tilbake av aktor under rettsaka sist veke, på grunn av opplysningar som kom fram under rettsbehandlinga.

– Treng tid

I ei pressemelding skriv bispedømmerådet at saka handlar om fleire forhold knytt til mannen si teneste som prest. Dei skriv vidare at dei treng tid før dei kan ta stilling til dei arbeidsrettslege sidene ved saka.

– Både arbeidsjevar og arbeidstakar er beste tente med at denne saka får ei grundig behandling før vi tar ei avgjerd, skriv leiar i rådet, Modolf Aukan i pressemeldinga.