NRK Meny
Normal

Biskopen trur homodebatten skremmer

Ingeborg Midttømme trur spørsmålet om homofilt ekteskap gjer at manga har vegra seg for å stille til kyrkjevalet. Biskopen er glad for at 24 personar no likevel har sagt ja til nominasjon.

Ingeborg Midttømme

Niskop i Møre, Ingeborg Midttømme, håper ikkje folk er skremde frå å engasjere seg i kyrkja.

Foto: Frode Berg / NRK

Møre Bispesømme sleit lenge med å finne villige kandidatar til kyrkjevalet til nytt bispedømeråd. Etter laber interesse i lang tid, har no likevel 24 personar sagt ja til nominasjon.

Frykt for å verte eksponert

Å engasjere folk til å påta seg verv med krevjande ansvar kan vere tøft. Kontroversielle saker som om homofile skal få gifte seg i kyrkja eller ikkje, er noko av grunnen til at mange har vore skeptiske til å engasjere seg i råd i kyrkja, trur biskop i Møre, Ingeborg Midttømme.

– Mange moglege kandidatar har sagt at dei har eit brennande engasjement for kyrkja og vil gjerne bidra til at gode ting kan skje lokalt, men dei er redde for den medeksponeringa som kjem, særleg når det gjeld synet på ekteskapsforståinga, fortel biskop i Møre, Ingeborg Midttømme.

Biskopen peikar på at denne debatten kan vere slitsam og at mange er redde for å måtte gå tydeleg ut med noko som dei er litt usikre på og som dei synest er vanskeleg.

Ho forstår godt at mange vegrar seg for å gå inn i tillitsverv i kyrkja av frykt for å bli eksponert i media.

– Vi har alle saman eit stort ansvar for å omtale kvarandre med respekt og ikkje frårøve nokon trua ved måten vi framstår på i det offentlege rom.

Les også:

Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme i Møre bispedøme er glad for at det erndeleg har kome kandidatar til kyrkjevalet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Held tilbake engasjement

Det såg lenge ut til at det kunne verte vanskeleg å finne kandidatar til det kommende kirkevalget i Møre og Romsdal, men etter iherdig jobbing frå nominasjonskomitear og interessegrupper lykkast ein.

Då fristen for å nominere kandidater gjekk ut ved midnatt, hadde likevel 24 personar sagt ja til å vere kandidat i Kyrkjevalet til nytt bispedømeråd i Møre og Romsdal.

Biskop Ingeborg Midttømme i Møre Bispedømme er glad for at så mange likevel vil stille til val.

– Det er eg veldig glad for. Vi har fått mange flotte kandidatar til bispedømerådsvalet og eg håper at vi får mange kandidatar rundt omkring til soknerådsvala også.

Ho håper at folk ikkje held tilbake engasjementet sitt på grunn av debatten om homofilt ekteskap i kyrkja.

– Eg vil at medlemmar flest kan finne ein plass å engasjere seg og vere med i styre og stell. Vi er interesserte i å høyre alle sitt engasjement.