Biskopen har opplevd fleire gonger å få tilsendt fleire seksualiserte tekstmeldingar og bilete frå vilt framande menn i samleiestillingar.
Biskopen fortel at ho òg har fått tilsendt totalredigerte bilete av seg sjølv i intime situasjonar.
– Det er ikkje noko behageleg i det heile teke. Då brukar ein eit maktspråk som kneblar den frie samtalen, seier Midttømme.
#METOO: Ingeborg Midttømme, biskop i Møre, håper folk vil nytte #metoo-kampanjen til å setje ord på sine opplevingar. – Du har ikkje skyld eller ansvar. Det er den som går over andre si grense som har ansvaret, seier ho.
Foto: Roar Strøm / NRKBileta ho har fått tilsendt kjem ikkje frå eigne tilsette, men ho har likevel måtte slått hardt ned på anna åtferd blant sine eigne som har ført til at dei ikkje lenger kan jobbe i kyrkja. Og dette gjeld fleire, fortel biskopen.
Befølt av mannleg kollega
Då ho var 25 år og nyutdanna prest hadde ho si første oppleving med seksuell trakassering. Ho skulle på prestemøte og sat på med ein mannleg kollega som kunne ha vore far hennar.
BISKOP: Ingeborg Midttømme er biskop i Møre bispedøme.
Foto: Roar Strøm / NRK– Det var berre oss to i bilen. Han sat bak rattet og eg sat i passasjersetet. Etter kvart la han handa si på låret mitt. Det var forferdeleg ubehageleg og eg visste ikkje korleis eg skulle reagere, fortel Midttømme.
Få opplevingane fram i lyset
Etter ei stund valte ho å sei ifrå at ho ikkje syns noko om oppførselen. Ho trur han ikkje skjønte at ho meinte alvor. Han fortsette å ta kontakt og ringde henne fleire gongar. Det var vanskeleg å vite korleis ho skulle handtere det, fortel Midttømme.
– Eg sa det ikkje til nokon overordna, for eg syns det rett og slett var flaut den gangen, seier ho.
No håper biskopen at folk vil gjere det motsette av henne den gongen og nytte #metoo-kampanjen til å setje ord på sine opplevingar.
– Er du jomfru eller?
Biskopen opplevde tidleg i sitt arbeidsliv som sokneprest det ho beskriv som eit seksualisert språk, eller maktspråk, frå folk innanfor kyrkja, men også andre med leiaransvar i samfunnet.
– Eg var totalt ubudd då eg fekk høyre frå ein leiar at det var mykje betre med han som var forgjengaren min, fordi dei løyste ting i dusjen, seier Midttømme.
I DEN NORSKE BØNEBOKA: Eit avsnitt frå Norsk Bønebok, som ein finn bakerst i Salmeboka, om seksuelle overgrep.
Foto: Roar Strøm / NRKEin annan leiar skal ha tatt henne på rumpa i ein offisiell samanheng der ho stilte som sokneprest.
Når ho har tatt tak i saker der ho sjølv, andre tilsette i kyrkja eller folk frå kyrkjelyden har vore utsett for overgrep, har ho opplevd kraftige reaksjonar.
Biskopen fortel at ho har fått kommentarar om å ikkje vere så prippen, at dette er heilt vanleg blant menn og fått spørsmål om ho er jomfru.
– Det handlar ikkje om å vere prippen, men om å seie ifrå kva som i det heile teke ikkje er akseptabelt frå menn både innan- og utanfor kyrkja, seier Midttømme.