Hopp til innhold

Biskopen ber alle kle seg i svart på torsdagar

Gjennom ein relansert kampanje, ber biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme og Den norske kyrkja, folk kle seg i svart kvar torsdag i protest mot seksuell trakassering.

Ingeborg Midttømme

SKAPE DIALOG: Ingeborg Midttømme, biskop i Møre bispedøme, håper at relanseringa av #torsdagarisvart-kampanjen vil løfte kampen mot seksuell trakassering enda meir fram i lyset ved at folk kan prate om det og dermed skape haldningsendringar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Biskopen delte si eiga historie om seksuelle trakassering både i og utanfor kyrkja med NRK onsdag denne veka. Ho angrar ikkje og skulle ynskje ho gjorde det før. Responsen etter reportasjen har vore stor.

– Eg har fått mange reaksjonar, alle har vore overveldande positive, nokon menn og aller flest kvinner. Mange takkar for at eg har sett ord på dette og mange seier at eg talar på vegner av fleire, fortel Midttømme.

No ber biskopen og Den norske kyrkja kvinner og menn om å kle seg i svart kvar torsdag i solidaritet med dei som har vore utsett for vald og overgrep.

#torsdagarisvart-kampanjen

Torsdagar i svart-kampanjen blir henta fram igjen frå 1980-talet som ein protest mot seksuell trakassering og overgrep.

– Kirkenes verdsråd brukte dette som eit synleg verkemiddel allereie på 80-talet. Så har den ligge nede ei stund, men no er kampanjen relansert, seier biskopen og legg til:

– Vi håper mange vil vere med og på den måten vise solidaritet gjennom eit ordlaust, men veldig talande uttrykk.

Ingeborg Midttømme

ANGRAR IKKJE: Biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, angrar ikkje på at ho tidlegare i veka fortalde si historie om seksuell trakassering til NRK. Ho skulle ynskje ho sa ifrå tidlegare.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei håper at #torsdagisvart-kampanjen vil bidra til å løfte kampen mot seksuell trakassering enda meir fram i lyset. Tanken er at det å kle seg i svart på torsdagane skal presse fram ein samtale der ein kan fortelje om årsaka til at ein går svartkledd, og som igjen skal vere med å endre haldningar.

Også menn må med

– Det er viktig at menn også blir med på denne kampanjen, for om vi skal klare å endre haldningar og skape trygge fellesskap, så må menn også ta sin del av ansvaret, seier biskopen.

Så du ber alle gå i svart kvar torsdag?

– Alle som meiner at vi må stå opp mot overgrep og krenkingar, viss du har anledning til det, kle deg i svart på torsdag, sjå kva som skjer og del gjerne bilete på sosiale medium. Det finst mange der ute som er med på dette allereie, fortel Midttømme og legg til:

– Kanskje blir du overraska over å sjå at ein du ikkje tenkte over har delt sitt bilete og har si historie.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL