Hopp til innhold

Biskopen avviser påstandane til Listhaug

Biskop i Møre avviser at Kyrkja stemplar menneske som vil kutte i bistand og stramme inn asylpolitikken, for kalde og slemme.

Ingeborg Midttømme

Ingeborg Midttømme seier Kyrkja vil fremje menneskeverd, fred, menneskeretter og respekt for skaparverket. Biskopen avviser at dei driv med godheitstyranni.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

FrP-statsråd Sylvi Listhaug tek eit hardt oppgjer med Kyrkja og seier "godhetstyranniet rir Norge som en mare". Denne ordbruken likar ikkje biskop Ingeborg Midttømme

– Godheit og tyranni er to ord som ikkje passar i lag i det heile tatt. Eg håper ho kanskje ville ha valt å ordlegge seg på anna måte, når debatten ikkje blei så tilpassa som den er no.

Nærbilde av Sylvi Listhaug, Frp

Sylvi Listhaug refsar Kyrkja og meiner dei som vil ha innstramming i innvandringspolitikken, blir kalla vonde og slemme av Kyrkja.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Rydde veg

Sylvi Listhaug er opprørt over kyrkja. Ho føler dei som tar til orde for innstrammingar i innvandringspolitikken, blir framstilte som vonde, usolidariske og slemme folk. Dei som ønskjer ein meir liberal politikk, blir framstilte som gode og rause menneske, hevdar Listhaug.

– Eg kan ikkje sjå at vi i Bispemøtet og Bispemøtets Preses på nokon måte har karakterisert andre standpunkt som slemme, og menneske som kalde. Det er ikkje vår måte å kommuniser på.

– Men likevel kan jo nokon oppfatte at dei ikkje blir akseptert av kyrkja viss dei har slike haldningar?

– Eg kan ikkje ta ansvar for korleis folk opplever seg akseptert, men eg kan ta ansvar for dei vedtaka eg er med på å gjere og måten kyrkja formulerer seg på. Viss ein ser på det og går i dialog med oss, så skulle det vere god grunn til å rydde av vegen ei oppleving av å vere stempla som slem eller kald, seier Midttømme.

Endring av bistandspolitikken

Mørebispen likar ikkje at sentrale regjeringspolitikarar vil ta av midlane til bistand og heller bruke dei på flyktningane som kjem til Noreg. Ho viser til at det er i politisk målsetjing om at Noreg skal bruke ein prosent av Bruttonasjonalprodukt til bistand. Biskopen synes ikkje det er rart at ei omprioritering i bruken av bistandsmidlane vekkjer reaksjonar.

– Flyktningstraumen i verda og Europa har blitt mykje større enn den har vore tidlegar. Vi kan ikkje ha målsetting om å hjelpe folk der dei er og nærast mogleg heimlandet sitt, og samtidig svekke finansieringa og støtta til dei som tek si del av børa. Vi må alle bidra for å styrke arbeide for å gi dei som er på flukt eit menneskeverdig liv, seier Midttømme.

Flyktninger bryter ut av Moria-leiren på Lesvos

Biskopen meiner Noreg vakna seint i forhold til flyktningstraumen.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

Ingen krig med politiske parti

Ho viser også til at flyktningkrisa i Syria ikkje er av ny dato. Dette snakka ho om i preika alt i 2011, men det tok lang tid før Nord- Europa vakna.

– Vi gjorde ikkje det før flyktningane bokstavleg talt kom innover våre eigne grenser, meiner biskopen.

Trass i at ho avviser kritikken frå Sylvi Listhaug om at kyrkja driv godheitstyranni , understrekar Ingeborg Midttømme at kyrkja på ingen måte er interessert i å gå i krig med noko politisk parti.

Les også: Frp-Listhaug: – Godhetstyranniet rir Norge som en mare