NRK Meny
Normal

Biskop: Krev løysing for kyrkjeasylant snarast

Ei kvinne og dottera hennar har søkt kyrkjeasyl i Ålesund, i frykt for at barnevernet skal sende jenta ut av landet. Biskop Ingeborg Midttømme krev at saka får ei løysing denne veka.

Spjelkavik kirke

Ei kvinne har søkt kyrkjeasyl i Spjelkavik kirke i Ålesund saman med dottera si.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det var for 14 dagar sidan at ei kvinne i 30-åra søkte kyrkjeasyl i Spjelkavik kirke saman med dottera si. VG som først fortalde historia skriv at bakgrunnen for at ho vart kyrkjeasylant er eit opprivande brot med den utanlandske barnefaren.

Ifylgje avisa vart dei to sønene hennar henta på skulen av barnevernet og barnefaren i byrjinga av februar. Han har meld henne for kidnapping då ho ikkje kom tilbake til det søreuropeiske landet dei var busett i, etter at ho tok med seg barna til Ålesund i august, skriv VG. Utleveringssaka har vore behandla både i norsk tingrett og lagmannsrett, der konklusjonen var at barna skal utleverast til det søreuropeiske landet dei budde i, og at barnefordelingssaka skal avgjerast der.

Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme seier det er viktig å finne ei løsying på saka i løpet av veka.

Foto: Roar Strøm / NRK

Les også:

Ingen verande stad

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, seier at dette er ei høgst uvanleg sak. Ho kjenner ikkje til at ei norsk kvinne har søkt kyrkjeasyl andre stader i landet. Som regel dreiar sakene seg om folk som har søkt asyl i Noreg, og som er redde for å bli utsendt før sakene deira har blitt handsama i rettsvesenet.

– Ei kyrkje ei ikkje nokon verande stad for mor og barn, seier Midttømme. Ho seier at det som blir viktig no er å hjelpe mor til å få tillit til rettsvesenet og personar utanfor kyrkja, slik at ho raskast mogleg ser at løysinga finst ein annan stad.

Skulle få bli ei veke

Biskopen vart orientert om saka dagen etter at det skjedde.

– Eg skjønte at det det var ein krevjande situasjon og anbefalte at kvinna fekk lov å senke skuldrene nokre dagar, under vilkår av at saka vart løyst på ei veke, seier Midttømme. Ho er overraska over at mor og barn framleis var i kyrkja då ho kom tilbake frå reise i går.

Ho reknar med at saka løyser seg i løpet av denne veka.

Kjetil Hjelset

Kjetil Hjelset er leiar i soknerådet og seier at kvinna ikkje har fått nokon tidsfrist.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Har ikkje sett frist

Kjetil Hjelset, leiar i soknerådet håper også at saka kjem til å løyse seg, men har ikkje sett ein frist.

– Eg håper at det skal bli ei utvikling i saka slik at det kan kome til ein lykkeleg slutt, men vi har ikkje sett tidsbgrensingar. Det er vi ikkje opptekne av heller, seier Hjelset.

Dei to i kyrkjeasyl har tilgang til kjøkken, bad og dusj i kyrkja. Kyrkjelyden har også prøvd å få til eit undervisningsopplegg for dottera.