Hopp til innhold

Biskopen vil stanse kunstgras her

Då grendelaget ville byte ut graset på fotballøkka med kunstgras, fekk dei motstand frå uventa hald.

Då grendalaget ville byte ut graset på forballøkka med kunstgras, fekk dei mostand frå uventa hald.

Stangvik grendelag vil skifte ut naturgraset med kunstgras for å få mindre vedlikehald, men biskopen meiner at kunstgras ikkje passar inn i miljøet.

Olav Gading

Fungerande biskop, Olav Gading, meiner at ei kunstgrasbane med lysmaster vil vere skjemmande.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I den vesle bygda Stangvika i Surnadal på Nordmøre drøymer grendelaget om å legge kunstgras på løkka og dermed gi innbyggjarane ei heilårs fotballbane. Kommunen er positive til planane, men det er ikkje den gamle naboen, Stangvik kyrkje.

Skjemmande

Kyrkjestaden er frå mellomalderen og er freda. Også kyrkja frå 1897 er verna og vert passa på av biskopen i Møre. Sjølv om kyrkja lokalt seier ja til både lys på fotballøkka og nytt dekke, sett biskopen foten ned. Han meiner ei kunstgrasbane er eit framandt element i det historiske området og vil vere skjemmande for miljøet.

– Vi meiner at endringane blir så store at søknaden ikkje bør bli innvilga. Det er særleg lysmastene vi reagerer på, seier fungerande biskop, Olav Gading.

I uttalen skriv dei også at ei kunstgrasbane ikkje høyrer til i området.

Biskopen har ansvar for å vurdere estetiske forhold rundt kyrkja. Dei byggjer uttalen sin på Fylkeskonservatorens vurderingar.

LES OGSÅ:

Flisespikkeri

Fotballag i Stangvik

Fotballgutane på 14-årslaget vil gjerne ha kunstgras.

Foto: Sverre Nes

Grendelaget kan ikkje forstå at presteskapet skal stikke kjeppar i hjulet for kunstgrasbana.

– Dette er flisespikkeri, seier leiar i grendelaget, Sverre Nes.

Det er berre om lag 50 husstandar i bygda, men i tillegg er det eit stort hyttemiljø. Grunnen til at grendelaget vil legge kunstgras, er både fordi barna har eit stort ynskje om det, men også for å få mindre vedlikehald.

– Vi som er att i bygda, slit oss snart ut på dugnad, seier Nes.

Burde ha samarbeida

Lilly Gunn Nyheim

Lilly Gunn Nyheim er ordførar i Surnadal. Ho er positiv til at grendelaget vil legge kunstgras.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Ordførar i Surnadal kommune, Lilly Gunn Nyheim, trudde det skulle vere ei enkel sak å få søknaden gjennom, men der tok ho feil.

–Det skulle ikkje ha noko å seie for det visuelle om det vert kunstgras eller ikkje. Eg trur ikkje biskopen har vore her og kika, seier Nyheim.

Ho fortel at det er ein tradisjon i den vesle bygda at kyrkja og grendelaget samarbeider, blant anna med Stangvikfestivalen.

– Eg meiner ein bør utvikle samarbeidet i staden for å skape strid, seier Nyheim. Saka vert sendt til politisk handsaming.