Hopp til innhold

Biskop Bondevik går av

Odd Bondevik går av som biskop i Møre i mars neste år. Det kunngjorde han på eit prestemøte i Geiranger onsdag.

Høyr Odd Bondevik snakke om sin avgang som biskop.

Biskop i Møre, Odd Bondevik
Foto: MORTEN HOLM / Scanpix

Bondevik fyller 67 år neste sommar, og det ligg ingen dramatikk i avgjerda om å forlate bispeembetet.

Han har vore biskop i Møre i sidan 1991. Då kom han frå stillinga som generalsekretær i Det Norske Misjonsselskap. Han var primas i Den norske kyrkja frå 1998 til 2002.

Møre bispedømme har 25-årsjubileum i 2008. Den første biskopen i Møre var Ole Nordhaug.

Fast, men fleksibel

På spørsmål om kva eigenskapar etterføgjaren bør ha, svarar Bondevik at det er viktig å vere tru mot den bibelske bodskapen og kyrkjas lære, men samstundes ikkje låse seg til for eksempel gamløe arbeidsformer. 

Ei utfordring blir å følgje opp kyrkja sitt personale og støtte og hjelpe dei tilsette. - Her har vi ikkje nådd langt nok, seier Bondevik. Det er også viktig å nå lenger ut med den kristne bodskapen og halde kontakt med folk også utanom høgtidene og livets store hendingar.

Andre kyrkjesamfunn

Bondevik er elles glad for at det er blitt betre tilhøve og nærare samarbeid mellom dei ulike kyrkjesamfunna, og at det pedagogiske arbeidet i kyrkjelydane er i framgang. 

Når han er gått av som biskop, flytter han til Oslo.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL