Hopp til innhold

SV kan kapre stortingsplass frå Møre og Romsdal

Birgit Oline Kjerstad (SV) er svært nær å få plass på Stortinget. I den siste meiningsmålinga NRK presenterer før valet tyder alt på at årets stortingsval blir ein thriller av dimensjonar.

Birgit Oline Kjerstad blir SV sin førstekandidat til stortingsvalget i Møre og Romsdal.

Birgit Oline Kjerstad er SV sin førstekandidat i Møre og Romsdal

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg førebur meg på fire år på Stortinget. Eg gjer det, seier Birgit Oline Kjerstad.

SV sin førstekandidat i Møre og Romsdal likar tala i Norstat si meiningsmåling for NRK. Partiet får 8,2 prosent av stemmene.

– Det er heilt fantastisk. Eg trur det er naturvernet som slår inn. Eg trur folk vil ha ei stemme frå distrikta som er opptatt av norsk natur, seier Kjerstad.

– Ekstremt jamt

Mads Motrøen i Norstat seier målinga viser at det er eit ekstremt jamt løp. Når SV har 8,2 prosent oppslutnad er dei 136 stemmer unna eit mandat.

Men slike målingar har også ein feilmargin.

Motrøen forklarar at den er på 2 prosentpoeng opp eller ned når 600 har svart. I ytste konsekvens betyr det at SV kan mangle 3000 stemmer for å få direktemandat på Stortinget.

Meningsmåling september 2021 for Møre og Romsdal

Endring sammenlignet med august 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 4.0% (endring: -0.4
SV: 8.2% (endring: +1.9
AP: 18.7% (endring: -0.4
SP: 17.8% (endring: -6.3
MDG: 2.7% (endring: +0.6
KRF: 5.7% (endring: +0.6
V: 3.3% (endring: +1.6
H: 15.2% (endring: -0.1
FRP: 19.1% (endring: +2.2
Andre partier: 5.2%
Utført av Norstat 2.–5. september600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Kampen mellom Sp og SV

I augustmålinga som Norstat gjorde for NRK var Senterpartiet det største partiet i fylket med 24,2 prosent oppslutnad. No er dei nede i 17,8 prosent.

Førstekandidaten Jenny Klinge er sikra stortingsplass i den nye målinga. Det er andrekandidat Geir Inge Lien som kan tape plassen til SV.

Ordførar i Vestnes kommune, Geir Inge Lien (Sp).

Geir Inge Lien, andrekandidat for Senterpartiet i Møre og Romsdal

Foto: Frode Berg / NRK

– Det er tett i toppen i mellom dei tre fire største partia. Vi har lagt stabilt høgt på målingane, sjølv om vi går litt tilbake no. Vi må stå på og stå løpet ut. Kvar stemme tel no, seier Lien.

Frp størst i Møre og Romsdal

Største parti i denne målinga er Framstegspartiet. Dei får 19,1 prosent oppslutnad og går fram 2,2 prosentpoeng i høve augustmålinga.

Frp-leiar Sylvi Listhaug gjer det godt i heimfylket og er på sikker plass. Også den rutinerte lokal- og fylkespolitikaren Frank Sve kan no få jobbadresse på Stortinget.

– Vi har vore tydlege på at vi ikkje vil avvikle olje- og gassektoren, slik andre parti vil, seier Sve.

Han viser også til at partiet er klare motstandarar av Møreaksen som fjordkryssing av Romsdalsfjorden.

Motvind for Høgre

I denne meiningsmålinga går Høgre frå tre til ein representant. Det same var tilfellet i augustmålinga. Det betyr at det berre er Helge Orten som er inne på fast plass.

Helge Orten (H), leder i Stortingets transportkomite.

Helge Orten, førstekandidat for Høgre i Møre og Romsdal

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er veldig jamt, mange har ikkje bestemt seg enno. Vi må bruke dette som motivasjon til å stå på. Det er tett mellom dei fire store partia. Ingenting er avgjort før 13. september, seier Orten.

Dei usikre andremandata

Politisk journalist Trond Vestre i NRK Møre og Romsdal seier årets val kan bli ein thriller av dimensjonar.

– Målinga viser at ingen av dei fire største partia er sikre på å halde andremandatet sitt, seier Vestre.

Dei som må leve med denne uvissa fram til valdagen er Frank Sve (Frp), Åse Kristin Ask Bakke (Ap), Vetle Wang Soleim (H) og Geir Inge Lien (Sp).

– Dette kan bli eitt av dei meste spanande stortingsvala i Møre og Romsdal på mange år, seier Vestre.

Mandatfordeling september 2021 for Møre og Romsdal

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
AP: 2 mandater, endring 0
SP: 2 mandater, endring +1
FRP: 2 mandater, endring 0
H: 1 mandat, endring -2
R: 0 mandater, endring 0
SV: 0 mandater, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
KRF: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring 0
Utført av Norstat 2.–5. september600 svar

I tillegg til direktemandatene blir det valgt inn et utjevningsmandat fra Møre og Romsdal. Dersom denne målingen var valgresultatet ville utjevningsmandatet i Møre og Romsdal gått til Sosialistisk venstreparti

Les mer om NRKs meningsmålinger