Biogass kan bli kvardagen for fleire

I dag legg Volda og Ørsta reinhaldsverk fram sine planar om eit nytt biogassanlegg i Ørsta.

Matsøppel gjøres om til biogass

Matsøppel er noko av det som kan bli omgjort til biogass.

Foto: Espen Aarsvold / NRK

Men skal planane bli ein realitet må fleire vere med på bygginga av anlegget. Kanskje er det nokon som fattar interesse når reinhaldsverket held informasjonsmøte i dag.

– Vi håpar først å få ut den informasjonen vi sjølve sit på. Så håpar vi at mulege samarbeidspartarar skal sjå at her er noko som kan bli realisert. Og sist men ikkje minst håpar vi på signal frå desse om at dette er noko dei vil vere med på, seier dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal.

Han vedgår at ein er i ei veldig tidleg fase. Men ifølgje Bjørdal har dei eit forprosjekt som viser at planane er gjennomførbare. Naturleg nok er det likevel ein del arbeid som står igjen før ein kan vedta om ein vil invistere i dette eller ikkje.

Avtalar må på plass

Petter Bjørdal, dagleg leiar i VØR

Petter Bjørdal er spent på responsen frå mulege samarbeidspartnarar.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Først må vi få avklart om her er råstoff nok. Så må vi ha intensjonsavtalar om kjøp av gassen.

Reinhaldsverket må også fri til bøndene, som kan spele ei viktig rolle både for å få gassen danna og med tanke på bruk. Mellom anna trengs husdyrgjødsel til stabiliseringa av prosessen.

– Difor treng vi ein avtale med landbruket både om slike leveransar og også ein avtale om bruk av biogassen. Når dette er klart kan vi søke om konsesjon, seier Bjørdal.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.