Hopp til innhold

Bioforsk på Tingvoll er berga

Bioforsk sitt forskingsmiljø på Tingvoll får likevel bestå. 36 arbeidsplassar er berga og forskingsinstitusjonen skal framleis ha lokal leiing.

Bioforskansatte blir orientert

Dei 36 tilsette ved Bioforsk på Tingvoll får behalde jobben likevel. Fredag blei tilsette og presse orientert av politikarar.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

På grunn av økonomiske utfordringar foreslo styret i Bioforsk i mars i år å legge ned forskingsmiljøet ved Tingvoll Gard. .

Reaksjonane var sterke då innstillinga om flytting kom, men no har landbruksminister Sylvi Listhaug bestemt at forskarmiljøet blir verande på Tingvoll, og at talet på årsverk blir oppretthalde.

No har det vore harde forhandlingar, og resultatet er at Bioforsk får halde fram.

Der er framleis detaljar som må diskuterast. Men rammene, med talet på tilsette og lokal styring, ligg fast., seier stortingsrepresentant Pål Farstad (V) til NRK.

Pål Farstad på Bioforsk

Pål Farstad (V) og fleire lokalpolitikarar snakka til dei tilsette på Bioforsk fredag.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Han seier til NRK at rammene som kom frå styret i Bioforsk ikkje var gode nok og at det difor måtte handlast frå politisk hald.

Dei tilsette får halde fram

Bioforsk er eit forskingsinstitutt med spisskompetanse på eit høgt internasjonalt nivå innan landbruk, matproduksjon, plantehelse, miljø og ressursforvaltning.

Sjølve anlegget på Tingvoll jobbar med økologisk matproduksjon, og har 36 personar med høgare utdanning i stallen. 16 av desse har doktorgrad, medan éin er professor.

Gunnar Waagen

Gunnar Waagen er styreleiar i Norsøk.

Foto: Kristin Waagen

Styreleiar i Norsøk, Gunnar Waagen, seier det framleis står att mykje arbeid før ein veit om heile verksemda i Tingvoll er berga.

Nei, vi veit ikkje alt enno. Men ein del av verksemda er i alle fall berga. Det blir vanskelege og knallharde forhandlingar. Og vi er glade for at det står tydeleg at aktiviteten skal oppretthaldast, seier Waagen.

– Ein går litt tilbake til der det starta?

– Det kan det bli. Det får tida vise. Vi skal ikkje forskottere noko enno. Men det er ein glad dag når vi no ser at det er tverrpolitisk semje og engasjement for å ta vare på økologisk forsking. Og så tek vi det vidare derifrå.

Bioforsk på Tingvoll

Bioforsk sin forskingsstasjon på Tingvoll skal vidareførast, men kordan organiseringa blir er heilt ope.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL