NRK Meny

Bingsa-saka veks

Nye forhold kjem fram når Kontrollutvalet i Ålesund imorgon behandlar Bingsa-saka, og muleg korrupsjon knytt til avfallsanlegget. Den ulovlege delen av bruken av OK Entreprenør og Miljøkvalitet AS utan kontrakt skal vere på tilsamen nesten 15 millionar kroner, skriv Sunnmørsposten (krev innlogging). I tillegg kjem tre andre innkjøp som ser ut til å vere i strid med regelverket, skriv avisa.