Hopp til innhold

Braut vikeplikta og blei påkøyrd

To bilar var involvert i ei ulukke på Aukra tysdag kveld. – Bilen som vart køyrde på bakfrå braut vikeplikta, opplyser politiet på staden.

Møteulukke på Aukra

– Det er meldt om eit samanstøyt mellom to bilar. Det var éin person i kvar av bilane, sa operasjonsleiar Thorry Aakenes i Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 18.36. Først blei det omtalt som ei møteulukke, noko som i seinare tid viste seg å vere feil.

– Bilen som blei påkøyrt bakfrå fekk trykt inn bakenden, medan den andre har mindre skadar på panseret.

Éin køyrt til sjukehus

Det var éin person i kvar av dei to bilane 216, like ved kyrkja på Aukra. Alle naudetatar blei sende til staden.

– Éin av bilførarane er brakt til sjukehus for sjekk. Det er uklart om der er personskadar, seier operasjonsleiar.

Begge bilførarane var edru. Politiet er ferdig på staden.

Laster Twitter-innhold