Hopp til innhold

Har jobba for å bli kvitt ferja i over 80 år – no kan lågare ferjeprisar framskunde vegen

I vinter sette Stortinget ned ferjeprisane med 25 %. Det kan gi færre ferjer og meir veg.

Malene Aaram Vike, styreleiar i Todalsfjordprosjektet.

HÅPAR PÅ VEG: Malene Aaram Vike er styreleiar i Todalsfjordprosjektet AS. Selskapet har jobba for ferjefri veg over Todalsfjorden i fleire tiår.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

Neste avgang 1 min, lyser frå skiltet på Rykkjem ferjekai.

Ferja ligg omtrent midt mellom Ålesund og Trondheim, og skil nabokommunane Sunndal og Surnadal.

Sidan 1930-talet har nordmøringar jobba for fast veg her. No håpar dei på byggestart i 2025.

– Får vi bru så er vegen døgnopen. Det vil ha utruleg mykje å seie for både folk og næringsliv, seier Malene Aaram Vike. Ho er styreleiar i Todalsfjordprosjektet AS.

Ferjekaia på Rykkjem, med skilt over Nordmøre i framgrunnen.

NORDMØRE: Ferja mellom Kvanne og Rykkjem er eit viktig knutepunkt på Nordmøre.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

Billigare billett – meir vegpengar

Det er 114 ferjesamband på fylkesvegane i Noreg. Langs heile kysten jobbar lokalbefolkning, næringsliv og politikarar med å få bytta ut mange av desse ferjestrekningane, og byggje bru eller tunnel i staden.

Tidlegare i år blei det fleirtal på Stortinget for å setje ned prisen på ferjebillettar.

Det fører til at vegar som Todalsfjordprosjektet kan få meir pengar frå staten.

– Det er ei god ordning. Vi får erstatta mange ferjer med bru eller tunnel, seier Helge Orten (H).

Helge Orten

NØGD: Helge Orten er klar på at Høgre er godt nøgde med ferjeavløysingsordninga. Han er førstekandidat på stortingslista til Høgre i Møre og Romsdal, og leiar for Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Han er leiar for Transportkomiteen på Stortinget, og snakkar om ferjeavløysingsordninga.

Der får fylkeskommunar pengar frå staten, om dei byggjer ein veg som erstattar ei ferjestrekning.

Kor mykje pengar ein får, vert rekna ut ifrå kva ferja kostar staten årleg. Ein kan på det meste få utbetalt ein sum tilsvarande det ferja ville koste staten dei neste 45 åra.

Etter valet tek fleire parti til orde for at billettprisane ska vidare ned. Då vil utgiftene som staten har med ferjene auke.

Matrosen dirigerer bilane på ferjesambandet Kvanne - Rykkjem.

PENDLARSAMBAND: Pendlarar mellom kommunane Sunndal og Surnadal er avhengige av ferja mellom Kvanne og Rykkjem.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

Sjølv om staten må punge ut meir til vegprosjekt, når ferjeprisane går ned, er Orten tydeleg på at Høgre er nøgde med ferjeavløysingsordninga.

– Lågare ferjepris gjer ordninga enda meir effektiv. Jo meir ferja kostar for staten, jo større grunn er det til å byggje veg, seier han.

– Tek berre omsyn til pengar

Ein som ikkje er begeistra er, Carl Johansen, fyrstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal.

– Ordninga tek berre omsyn til kroner og øre. Vi kan ikkje halde fram med å vedta store prosjekt utan å rekne på kva desse vegane gjer med klima, miljø og nedbygging av natur, seier Johansen.

Carl Johansen, Miljøpartiet dei grøne i Møre og Romsdal

KLIMAREKNESKAP: Carl Johansen (MDG) vil ikkje stemme for vegprosjekt som ikkje har klimarekneskap. Han trur elektriske ferjer vil vere den beste løysinga for kryssing av Todalsfjorden i framtida.

Foto: PER-IVAR KVLASVIK / NRK

Han vil ha eit klimarekneskap på alle nye vegprosjekt. Dei store positive effektane av Todalsfjordprosjektet er han tvilande til.

– Det er ynskjetenking om nye arbeidsplassar og folketalsvekst. Vi kan ikkje byggje ei potensiell klimabombe basert på ynskjetenking, seier Johansen.

Bilar køyrer av ferja på Rykkjem ferjekai. Kvanne - Rykkjem.

FLASKEHALS: Forkjemparane for bru over fjorden meiner ferja hindrar utvikling i regionen. Dei trur trafikken vil auke, om ein fjernar ferja.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK