Hopp til innhold

Bilistar risikerer latterleggjering i sosiale medium om dei parkerer feil

Medlemmar av ei Facebook-gruppe for «idiotiske parkeringar» tar bilde av feilparkerte bilar, og legg dei ut utan å sladde. Det kan vere lovstridig, meiner ekspert på personvern.

Parkeringshets Ålesund

Skjermdump frå Facebook. NRK har valt å sladde registreringsnummeret.

Foto: Skjermdump

Nesten 5.000 personar er med i gruppa «Idiotiske parkeringer på Moa og Omegn». Formålet er at medlemmene kan publisere bilde av bilistar som parkerer feil i ålesundsområdet.

Det var lokalavisa Nytt i uka som først omtalte saka.

Kven som helst kan søkje opp registreringsnummer gjennom Statens vegvesen for tre kroner, slik at ein får namnet på bileigaren. Dermed er slike bilde som personopplysingar å rekne.

Ein av bileigarane som har fått bilen sin avbilda, seier han vil kontakte administratorane etter at NRK gjorde han merksam på at det låg ute.

– Viss ein har parkert dårleg kan ein kan få bot, men det går ikkje at dei publiserer det i ei slik gruppe, seier mannen, som ønsker å vere anonym.

Han vurderer også å melde saka til politiet.

Ein av administratorane i gruppa svarar at dei vil fjerne bilde dersom eigarane ber om det, men har ingen kommentar utover det.

Etter saka til Nyttiuka har gruppeleiinga laga nye gruppereglar om at «registreringsnummer bør bli sladda» og «ingen personåtak eller mobbing i kommentarfeltet».

– Det er framleis opp til kvar enkelt om dei vil sladde nummeret eller ikkje, svarer ein administrator til Nyttiuka.

Feilparkeringar i Ålesund

Eit utval av parkeringane som er lagde ut på Facebook. NRK har valt å sladde registreringsnummera, noko dei som delte bilda i gruppa ikkje gjorde.

Foto: Skjermdump

Maj Christin Sjøholt jobbar på kjøpesentret Moa, og er også blant dei som fekk bilen sin lagt ut. Ho ser at det er eit gjennomgåande problem med dårlege parkeringar, men likar ikkje korleis folk oppfører seg i gruppa.

– Det er ofte dei same som går igjen der inne. Eg tenkjer kommentarane kan vere smålege og usaklege, seier Sjøholt.

– I strid med personopplysningslova

Jon Wessel-Aas

Advokat Jon Wessel-Aas er blant landets fremste ekspertar på ytringsfridom og har blant anna skrive boka «Jus og sosiale medier». Han rår folk å sladde registreringsnumre om ein legg ut bilde av andre sine bilar.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Den anerkjende advokaten Jon Wessel-Aas har sett nokre døme på det som er lagt ut på gruppa.

Han vurderer at publiseringane er i strid med personopplysingslova, dersom bilen og plasseringa er hovudfokus, og publiseringa ikkje har andre synlege motiv enn å «henge ut» den enkelte.

– Unntaket vil krevje at bilda blir publisert for å vise og kommentere til dømes ei ulovleg, trafikkfarleg handling. Då vil ytringsfridomen kunne gjere publiseringa berettiga, skriv Wessel-Aas til NRK.

I tillegg kan anna lovgiving tre inn, avhengig av kva som blir skrive om føraren.

Datatilsynet: – Bør bli sletta

Janne Stang Dahl er kommunikasjonsdirektør i Datatilsynet Ho meiner både administratorane av Facebookgruppa og medlemmane som publiserer desse bilda, bør gå ein runde til og bli samde om kva som er greitt og ikkje.

Janne Stang Dahl, kommunikasjonsdirektør i Datatilsynet

Janne Stang Dahl er kommunikasjonssjef i Datatilsynet.

Foto: Beate Riiser / NRK

– Dette ser ut som ei urettmessig deling av personopplysningar, og bør derfor bli sletta, seier Stang Dahl.

Ho forstår at feilparkering av bilar kan vere eit stort problem, men sett spørsmålsteikn til denne måten å løyse det på.

– Facebook og andre sosiale nettsamfunn fungerer fort som en gapestokk. Noe som oppfattes som harmløst fra noen, kan oppleves som krenkende av andre, seier Stang Dahl.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL