Hopp til innhold

Bilist gjekk laus på gut som leikte med vegstikker

To kameratar som leikte med vegstikker blei så provoserande for bilisten, at han tok saka i eigne hender. No er sjåføren dømd og misser førarkortet i åtte månader.

Norges lover

Retten meiner mannen manglar impulskontroll og legg vekt på at dette har gått ut over born.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Det var tidleg i vår at ein sunnmørsmann oppdaga to gutar som leikte med vegstikker, då han kom køyrande forbi. Både kona og svigermora, som sat på, reagerte kraftig på leiken, og meinte det var farleg i den sterke vinden.

Mannen bestemte seg difor for å ta affære, og ifølgje dommen stoppa han og snudde, køyrde i stor fart tilbake, bråbremsa og skrensa fleire meter.

Klarte å rømme

Deretter gjekk han ut av bilen, tok tak i den eine guten, pressa han opp mot ein murvegg, medan den andre guten rømde unna.

Dei to gutane blei svært redde, og det har retten trudd dei på. Begge har forklart at 44-åringen tok strupetak, men retten meiner det ikkje er bevist.

Tvinga han med i bilen

Basketaket endte med at mannen tvang han den eine guten inn i bilen.

I retten kom det fram at dette var ei svært skremmande oppleving for guten. Ifølgje dommen blir det sett på som formildande at planen var å køyre han heim, og at mannen sa det til guten, men retten meiner likevel ikkje det kan forsvare den aggressive og brutale framferda.

Dømd for å ha slått til bussjåfør

Mannen er også dømd for å ha slått til ein bussjåfør nokre dagar før. Då var han og ein kamerat på sykkeltur, då dei på kloss hald blei forbikøyrde av ein buss.

På neste busstopp tok syklisten bussen igjen, og mannen gjekk inn og snakka med sjåføren. I det han skulle gå ut, snudde han og slo med knytt neve.

– Manglande impulskontroll

Retten legg vekt på at begge episodane skjedde i løpet av få dagar, og meiner det tyder på manglande impulskontroll hos 44-åringen.

Det er også lagt vekt på at det var born involvert i den eine saka. I dommen heiter det at "det anses noe formildende at handlingen ble gjort for å stoppe det tiltalte oppfattet som en farlig opptreden, men tiltaltes handlinger gikk langt over det som var nødvendig og rettmessig opptreden".

Aktor bad om fengselsstraff utan vilkår, men retten er komen til at 60 dagar på vilkår er høveleg straff. I tillegg misser han retten til å køyre bil i åtte månader, og må betale 2 000 kroner i sakskostnader.

Sjåføren skriv til NRK at dommen ikkje er rettskraftig, og at han no vurderer å anke.