Bilførar uskadd

Føraren av bilen som hamna utfor vegen på Nordlandet i Kristiansund framstår ifølgje politiet som uskadd. Kvinna opplyser til politiet at ho fekk skrens og snurra rundt før utforkøyringa. Politiet dirigerer trafikken på staden til bilbergar har fjerna bilen.