Hopp til innhold

Bilførar køyrde i elva i Rauma

Ein bilførar er henta med luftambulanse etter å ha køyrd i ei elv i Rauma.

BIL I MÅNA

Ein bilførar blei frakta til sjukehuset i Molde med luftambulanse etter å ha køyrd av vegen og hamna i elva i Rauma.

Foto: TIPSAR

Det var i 11.00-tida at politiet først melde at ein bilførar hadde køyrd av vegen ved Månabrua i Rauma og ned i elva.

– Føraren er ikkje fastklemt og bilen er ikkje under vatn, meldte politiet.

Det skal berre ha vore ein person i bilen og ingen andre bilar var involvert. Det er så langt uklart kor alvorleg skadd føraren er. Like etter 11.30 blei han henta av luftambulanse.

– Han blir sendt til Molde for undersøkingar. Han skal vere bevisst og skadane blir så langt beskrive som moderate, fortel Eivind Klokkersund, operasjonsleiar i politiet.

Skal etterforske saka

E136 i Rauma var i ei periode stengt i begge retningar slik at luftambulansen kunne hente føraren. Vegen er no open for trafikkdirigering, men kan bli stengt på eit seinare tidspunkt for bilberging.

Bil i elva i Måndalen

Bilen hamna ikkje under vatn, og føraren skal ikkje ha vore fastklemd.

Foto: tipsar

Politiet skal no gjere undersøkingar på staden. Ifølge politiet skal bilføraren ha køyrd frå Skarvegen og inn på E-136, og hamna over autovernet og ned i elva.

Det er så langt uklart kvifor bilen hamna i elva.

– Vi skal også snakke med eventuelle vitne, seier operasjonsleiaren.

Politiet har ingen indikasjon på at andre bilar var involvert i ulykka.

Bilføraren skal ha køyrd i elva ved Månabrua i Rauma.