Bilferja Romsdal. Foto: Mrf.
Ingen blei skadd då grunnstøytinga skjedde i 8.30-tida.
Miste styringa
I følgje MRF miste ferja styringa og gikk mot land like ved ferjekaia. Assisterande direktør i MRF, Anker Grøvdal, stadfester at ferja køyrde på grunn. - Vi veit førebels ikkje noko om årsaka, eller omfanget av skadane, seier han.
Ferja blei tømt for bilar og passasjerar i løpet av 20 minutt. Ferja ligg no ved kai i Molde, der dykkarar er i ferd med å få oversyn over skadane.
Assisterande direktør i MRF, Anker Grøvdal.
Kø
Dette er eit av dei største riksvegferjesambanda langs norskekysten. Sambandet blir normalt trafikkert med tre ferjer. - Vi har inga erstatningsferje å sette inn, så vi må rekne med køar i dag, seier Grøvdal.
Jazz-festivalen
Det er uvisst kor lenge ferja vil vere ute av drift. - Vi får håpe ferja er på plass att i løpet av nokre dagar, seier Grøvdal. - Blir ferja ute av drift til over helga, dåfår vi problem. - Måndag byrjar nemleg jazz-festivalen i Molde, og dette er dagar med enorm trafikk over Molde-fjorden.