Hopp til innhold

Bilde på avvegar: Fryktar jenter trur han er overgriparen

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Han går stadig i frykt for at jenter skal tru han er ein kynisk overgripar. Nyleg vedgjekk ein medstudent at han har stole fleire bilde frå 26-åringen og brukt dei til å forgripe seg mot ti jenter.

Sunnmøre tingrett

Mannen forklarte i retten måndag at han har hatt store problem med å sove og konsentrere seg på arbeid. Han meiner også at han har blitt meir inneslutta og redd ved tanke på at han ikkje veit kven som har sett bildet av han, og kanskje trur han er ein overgripar.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Sterkt prega forklarte 26-åringen seg i Sunnmøre tingrett måndag ettermiddag. Han fortalde at han og den overgrepssikta småbarnsfaren i 30-åra var i det same studentmiljøet, og kjende kvarandre perifert.

Han visste ingenting om at mannen kalla seg Tobias og skal ha sendt fleire nærbilde av han til unge jenter heilt ned i 11-årsalderen. Målet var ifølgje tiltalen å lure dei til å kle av seg og utføre seksuelle handlingar med seg sjølv framfor kamera.

– Eg har vore så uroleg at eg har slite med å sove og konsentrere meg på arbeid, sa 26-åringen.

Fleire hundre kan ha sett bilda av han

Ifølgje politiet har den tiltalte 38-åringen brukt 36 ulike bilde av den langt yngre medstudenten, på ulike nettstader og chattetenester.

Eitt av dei viser ein ung gut med lys lugg, ein veltrent overkropp, balanserande på ein båt. På eit anna står han med singlet i treningsstudio.

26-åringen fortalde at han ikkje lenger er så glad og trygg som før, og at han har problem med å kose seg i sosiale lag. Han fryktar å bli kjent att som ein overgripar, og har mange gongar sett for seg sinte fedrar som går til angrep på han ute på gata.

– Eg har ei sterk kjensle av at eg er dratt inn i noko som avgrensar livskvaliteten og livsgleda mi, forklarte han i retten.

Vedgjekk å ha stole identitet

I retten måndag ettermiddag sa den 38 år gamle hordalandsmannen på nytt at han beklaga det han hadde gjort, og at han vedkjenner straffskuld. Han forklarte at han blei venner med 26-åringen på Facebook, etter at dei blei kjende i studentmiljøet.

På spørsmål frå aktor om kvifor han valde bilda av akkurat denne studenten, vedgjekk han at det var fordi han var ung og attraktiv. Sjølv var han småbarnsfar, studerte helsefag og hadde praksis i barnevernet. På nettet kalla han seg Tobias, oppgav at han var 17–18 år gamal og frå Nesodden.

– Eg ønskte nokon som såg yngre ut enn meg, og så hadde han ein attraktiv utsjånad, forklarte han.

Allereie den første dagen vedgjekk den 38 år gamle hordalandsmannen omfattande overgrep mot ti jenter, i tillegg til identitetstjuveri. Det mest alvorlege tiltalepunktet omfattar valdtekt mot ei 14 år gamal jente, og overgrep som skal ha gått føre seg i nesten eitt år.

Kjende igjen sunnmørsfjell

Då politiet begynte å rulle opp saka, lurte dei lenge på kven den unge mannen på bilda var. I avhøyr skal den tiltalte mannen ha forklart at det var eit tilfeldig ansikt han hadde funne på internett.

Men så oppdaga politiet at ungguten poserte framfor eit lokalt, karakteristisk fjell. På eitt bilde klarte dei å kjenne igjen namnet på eit lokalt studentarrangementet, på ein plakat på veggen bak mannen. Dermed begynte dei å forhøyre seg i studentmiljøet og fann han. Kort tid etter tok dei kontakt med studenten.

– Eg fekk sjokk, sa han i retten og fortalde at han dagleg er plaga med tunge tankar om kva bilda har blitt brukt til, og stadig frykt for om han vil bli konfrontert med saka fordi folk trur han er «Tobias».


Les også: