Nyleg fekk om lag 200 elevar frå Bergmo og Bekkevoll ungdomsskular omvising hjå bilbransjen i Molde.
Marit Heimdal, er prosjektleiar for rekruttering i Norges Bilbransjeforbund. Ho meiner det er viktig at elevane på ungdomsskulen får sjå dei moglegheitene som ei utdanning innanfor mekaniske fag kan føre til.
– Den informasjonen elevane får på skulen er ofte mangelfull fordi rådgivarane har lite kunnskap om bransjen. No kan vi vise elevane kva vi kan tilby, seier ho.
- Les også:
Stor mangel på lærlingar
Heimdal fortel at bilbransjen manglar om lag 100–200 mekanikarlæringar på landsbasis.
Verksmeister Åsmund Vågen viser fram bilverkstaden til Nardo i Molde.
Foto: gunnar sandvik / nrk– I ei undersøking frå NHO fortel 38 prosent av medlemmene våre at dei mister kontraktar på grunn av underdekning på kompetanse, medan 52 prosent av dei svarte at dei har eit behov for fagarbeidarar i framtida, seier ho.
Leiar i Nordmøre og Romsdal Bilbransjeforeining, Steinar Grip, seier at mekanikarlærlingar er ei mangelvare også her i fylket.
– Nokre må kompensere for dette med overtid, medan andre leiger inn utanlandsk arbeidskraft. Dei kan ofte ikkje språket, og det blir fort dyrt, seier han.
Grip meiner det er spesielt viktig å trekke til seg mekanikarlærlingar som ynskjer å jobbe innanfor bilbransjen.
– Mange vel jobbar innanfor oljesektoren når dei er ferdige med lærlingtida, difor er det viktig at vi får kvalifiserte og motiverte læringar som ynskjer ei framtid i bilbransjen, seier han.
Saka held fram etter bilete.
Elevar frå Bergmo og Bekkevoll ungdomsskular fekk torsdag omvising hos bilforhandlarar i Molde.
Foto: gunnar sandvik / nrkVariert arbeidskvardag
Verksmeister Åsmund Vågen var ein av dei som viste fram bilverkstaden til Nardo i Molde. Han har jobba i bilbransjen i 41 år og meiner dei kan tilby ein variert kvardag.
Hallvard Senneset Rindarøy er interessert i maskiner og motor
Foto: Gunnar Sandvik / nrk– Det kjem stadig fleire avanserte bilar, og ein kan jobbe med både elektronikk, mekanikk og it når ein jobbar som bilmekanikar, seier Vågen.
Hallvard Senneset Rindarøy var ein av elevane som lét seg interessere av besøket til verkstaden.
– Eg var interessert i maskiner og motor før vi kom hit, men det var spennande å sjå dei ulike tinga ein kan gjere på ein bilverkstad, seier han.Men sjøl om han er interessert i faget, er det ikkje bilkverskad som er hans mål, men å jobbe på ubåt.