Hopp til innhold

Bilbrann i Ørsta

  • – Kjempejobb av eigar

    110-sentralen rosar eigaren av ein bil som tok til å brenne i Ørsta i dag. Bilen sto inne i garasjen då han tok til å brenne. Men eigaren fekk bilen ut av garasjen. Han fekk også dempa flammane før brannvesenet kom fram. Brannen kunne ha utvikla seg til ein større brann, skriv 110-sentralen på Twitter. Bilen som tok fyr var ein dieselbil og det er førebels ukjent kva som var årsak til brannen.

  • Bilbrann i ørsta

    Ein bil har teke fyr i Sætrebakkane i Ørsta. Brannvesenet har fått kontroll på staden og brannen er sløkt. Dei arbeider no med å lufte røyk ut frå garasjen.