Bilbrann i Nesset

Ei bil byrja å brenne på Raudsand i Nesset i eitt-tida i natt. Bilen hadde først fått motorstans og etter kvart blei han heilt overtent. Fylkesveg 666 var stengd ein periode i samband med dette. Naudetatane kom til staden og bilen er no fjerna og vegen er open.