Hopp til innhold

Bilbrann i Fannefjordtunnelen

Naudetatane har rykt ut.

Fannefjordtunnelen

Naudetatane har rykt ut til Fannefjordtunnelen. (Arkivfoto)

Foto: Gunnar Sandvik

Naudetatane har rykt ut til ein bilbrann i Fannefjordtunnelen i Molde. Tunnelen har blitt stengd.

Politiet varslar klokka 14.50 at brannen viser seg å vere udramatisk.

Ingen personar skal vere skadd.

– Det heile handla om ein svidd clutch, seier politiet til NRK Møre og Romsdal.

Klokka 15 melder brannvesenet at dei har klarert tunnelen, og at trafikken kan gå som normalt.