Bilar i brann i Frei
Fleire bilvrak i eit gammalt industriområde i Sødalen stod i brann i kveld og det var kraftig røykutvikling på staden. Politi og brannkorps fekk melding om brannen klokka 19.50 og han er no sløkt, opplyser 110-sentralen. Det var ikkje folk i bilane, og politiet veit ikkje kva som har skjedd.