Bilar får ikkje bli med ferja sjølv om der er ledig plass

Bilar blir ståande att på kaia sjølv om ferja ikkje er full. Grunnen er at fylkeskommunen berre har betalt for 50 plassar.

Solholmen-Mordalsvågen

Siderampene på ferja «Ivar Aasen» blir ikkje brukt og det gjer at pendlarane er frustrerte. Dette biletet er teke måndag morgon av ein pendlar som synest det er irriterande at ferja går halvtom frå kaia.

Foto: Pendler

Stemninga i Midsund i Romsdal er amper for tida. Ikkje berre er det opprør på grunn av høge billettprisar. No opplever også pendlarane at dei ikkje får plass på ferja, sjølv om den ikkje er full.

Resultatet er at folk må stå på kaia og vente på neste tur.

Varaordførar Odd Helge Gangstad bur i Midsund og han er sjokkert.

– Det er heilt uforståeleg. Det var nesten som eg ikkje trudde det var sant. Heile samfunnet her ristar på hovudet, seier Gangstad.

Odd Helge Gangstad

Varaordførar Odd Helge Gangstad pendlar sjølv med ferja. Han forstår ikkje logikken med å ikkje ta i bruk all plass på ferja.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Siderampene er avstengde

Problemet starta då ferja «Ivar Aasen» blei sett inn i sambandet Solholmen- Mordalsvågen. Innbyggjarane gledde seg til å få ei stor ferje, men oppdaga at siderampene er stengt for bilar.

Gangstad slit med å forstå at det kan løne seg at ferja køyrer med halvfull ferje. Konsekvensen for pendlarane er at dei må køyre endå tidlegare om morgonen for å vere sikker på å få plass om bord. Varaordføraren fryktar at folk snart har fått nok av å bu i utkanten og vere avhengig av ferje.

– Eg får meldingar frå folk som seier at dei gir opp og flyttar til fastlandet, seier Gangstad.

Hovuddekket fyller kravet

Jesper Wiig, samferdselsavdelingen

Jesper Wiig er seksjonsleiar i fylkeskommunen. Han vil finne ei rask løysing på problemet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

«Ivar Aasen» vart bygt i 1997 og har plass til 76 personbilar.

Fylkeskommunen seier at i kontrakten med Fjord1 var kravet at ferja skulle ha plass til minst 50 personbilar. Ved å bruke hovuddekket, oppfyller reiarlaget vilkåra, ifylgje seksjonsleiar i fylkeskommunen, Jesper Wiig.

– Vi forstår at dei reisande er frustrerte og vi og Fjord1 må finne ei rask løysing, seier Wiig.

Sidehusdekket oppfyller heller ikkje dei tekniske krava fylkeskommunen har stilt, om kor tunge køyretøya rampene skal tåle.

– Vi har skjerpa inn krava. Det handlar om at arealet også skal vere tilgjengeleg for større køyretøy, forklarar Wiig.

– Men tåler rampen personbilar?

– Ja, den kan bli brukt av små bilar, bekreftar Wiig. Fylkeskommunen vil no sjå om dei kan få opna opp dette arealet.

Jan Petter Jagedal Thomsen

Regionleiar i Fjord1, Jan Petter Jagedal Thomsen, seier at dei oppfyller krava i kontrakten med å bruke berre hovuddekket.

Foto: Hilde Anita Røyrvik

– Forheld seg til kontrakten

Regionleiar Jan Petter Jagedal Thomsen i Fjord1 seier at dei forheld seg til kontrakten med fylkeskommunen og det som er avtalt med dei.

Han forstår at dei reisande reagerer på at ferja ikkje utnyttar heile kapasiteten, men skal rampene takast i bruk må ein forhandle med fylkeskommunen.

– Det må kanskje gjerast tiltak for å oppfylle krava og det kan koste, seier Thomsen.

Han seier at Fjord1 oppfyller kravet om 50 personbilar ved å bruke hovuddekket.

Sambandet Solholmen - Mordalsvågen p

Måndag morgon var det fleire bilar som ikkje kom med og måtte stå igjen på Solholmen. Biletet er teke av ein pendlar som stod igjen.

Foto: Pendler