Hopp til innhold

Bil trilla i sjøen i Ålesund

Ein bil trilla i sjøen ved Nørvasundet Ålesund torsdag morgon. Det skal ikkje ha vore nokon i bilen då den hamna i sjøen.

Bil i sjøen Nørvasundet

Ein bil hamna i sjøen i Ålesund torsdag føremiddag. Ingen blei skadd i uhellet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Klokka 09.45 torsdag føremiddag melde politiet om ein bil som hadde trilla i sjøen i Ålesund.

Alle naudetatane rykte ut til staden, og både dykkarar og ambulanse blei kalla ut.

– Vi har sjekka kupeen av bilen, og det er truleg ingen i bilen, sa Jon Bratland, operasjonsleiar i politiet på Sunnmøre til NRK klokka 09.50.

Like etter melde politiet på Twitter at dei hadde søkt gjennom bilen og at det ikkje var personar inne i køyretøyet.

Det er så langt uklart kva som er årsaka til at bilen hamna i sjøen.

Politiet har vore i kontakt med eigaren av bilen. Han var ikkje på staden då uhellet skjedde.