Naudetatane fekk melding om bilbrannen i Nordmørsveien i Kristiansund klokka 09.47 onsdag. Den kvinnelege sjåføren merka at bilen miste motorkrafta og det byrja å kome kraftig røyk ut. Plutseleg var bilen i full fyr.
– Eg blei ganske skjelven etterpå, seier kvinna til NRK. Ho ønskjer ikkje å stå fram med namn, men fortel at ho under køyreturen ikkje merka noko unormalt på dieselbilen.
Ho kom seg raskt ut av bilen og i trygg avstand frå dei intense flammane. Der blei ho ståande og sjå at bilen brann som eit bål midt på vegen medan brannvesenet dreiv sløkking.
Brannvesenet fekk raskt sløkt bilbrannen.
Foto: Anne-Mari Flatset / NRKBrannvesenet seier at både nye og gamle bilar kan ta fyr.
– Det blir sjølvsagt svært mykje røyk. Det er mange stoff i bilen som skaper mykje røyk når det brenn, seier vaktleiar ved 110-sentralen, Kjetil Iversen.
Hans beste råd dersom du oppdagar at det byrjar å ryke frå bilen, er å svinge bilen til sides og stoppe. Bruk naudblink, kom deg ut av bilen og varsle naudetatane.
– Røyken kan vere svært giftig, så den må folk halde seg unna, seier Iversen.