Hopp til innhold

Bil på taket Smøla

  • Til sjukehus for sjekk

    To av kvinnene som var i bilen som hamna på taket på Smøla tysdag kveld blei send til sjukehus for sjekk, den siste av dei tre blir sjekka ved legevakt. Føraren av bilen skal ha bremsa for ein hjort i vegkanten, og det svært glatte føret skal ha gjort at bilen hamna på taket. Bilen vert snart fjerna, opplyser Kormann Garshol ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

  • Bil på taket på Smøla

    Like før klokka ni fekk politiet melding om at ein bil hadde hamna på taket på Rokstad på Smøla. Tre personar skal ha kome seg ut av bilen sjølve, og er no tekne hand om av ambulansearbeidarar, opplyser politiet, og legg til at det er usikkert om dei blei skadde i ulukka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL