Hopp til innhold

Bil hamna på taket på Svorta

Ein person er frakta bort i ambulanse etter ei trafikkulukke på Svorta i Skodje.

Bilulukke Svorta

Bilen køyrde inn i autovernet og hamna på sykkelstien nedanfor hovudvegen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Bilulukke på Svorta

Føraren av bilen vart lettare skadd i ulukka.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Politiet fekk melding om ulukka på Svorta i 16-tida. Bilen hamna utfor vegen og landa på taket.

– Bilen har køyrt inn i autovernet og gått over, seier operasjonsleiar Per-Martin Bjartan. Bilen landa på ein sykkelsti nedanfor hovedvegen.

Det er berre éin person involvert i ulukka og vedkomande vert tatt med i ambulansen for legesjekk, melder politiet. Trafikken går som normalt.

– Føraren var medviten då han vart sendt til sjukehus, seier Bjartan.

Helse Møre og Romsdal melder at føraren er lettare skadd. Politiet opprettar sak.

Laster Twitter-innhold