NRK Meny
Normal

Kvinneleg sjåfør 80-åra hamna på taket i Ålesund

Ulukka skjedde då den eldre kvinna skulle rygge. Uhellet kosta ho førarkortet.

Bil på taket i Ålesund

UHELDIG: Den eldre dama var uheldig under rygging og hamna på taket. Her er bilbergarane allereie i gang med å fjerne bilen.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Bil i uhell Ålesund

Her har bilbergarane snudd bilen igjen.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Politiet melde om ulukka like etter klokka 12 laurdag ettermiddag. Både dei og brannvesenet har rykka ut til Larsgården.

Brannvakta ved 110-sentralen opplyser at ulukka har skjedd i Larsgården, ikkje så langt unna Høgskolen i Ålesund.

Politiet opplyser at det var ei kvinne i 80-åra som krasja bilen sin under rygging.

– Kvinna skulle rygge ut av ei garasje, og køyrde så i grøfta, seier operasjonsleiar Per-Martin Bjartan ved Sunnmøre politidistrikt.

Ifølge NRK sin journalist på staden ser det ut som at kvinna rygga utfor vegen og ned ein bakke før bilen hamna på taket.

Kvinna vart frakta til sjukehus med ambulanse for nærare kontroll. Førarkortet hennar er beslaglagt.

Ifølgje politiet skal ho vere lettare skadd.

Laster Twitter-innhold
Laster kart, vennligst vent...

ULUKKE: Det var ein bil involvert i ulukka i Larsgården i Ålesund.