Bil på taket i Kristiansund

Ein bil har hamna på taket ved Nordlandet i Kristiansund. Naudetatane er på staden. Ifølgje politiet var føraren aleine i bilen då ulykka skjedde. Personen skal vere vaken og oppegåande, men skadeomfanget er så langt uavklart. Føraren er no sendt til Molde sjukehus for sjekk. Politiet opprettar sak.

Bil på taket Kristiansund
Foto: Roar Halten / NRK